Heimebanekampen - Eit krafttak for berekraft
Søndag 6. oktober skal Hødd Fotball arrangere «Heimebanekampen» når laget møter Jerv i PostNord-ligaen. Ein kamp der det blir satt ekstra fokus på FN´s berekraftsmål. Toppfotball Heimebaneprosjektet
Vi vil derfor invitere inn til ei felles samling for klubbane på Sunnmøre med fagleg godt innhald, gode diskusjonar, gruppearbeid, middag og avslutning med kampen mellom Hødd og Jerv kl. 16.00.
I tillegg til eit sterkt fokus på FN´s berekraftsmål er målet også å styrke samarbeidet mellom klubbane – slik vi i fellesskap kan utvikle Sunnmørsfotballen til å bli enda betre både på jente- og gutesida i åra framover.
Klubbane har derfor fått ein invitasjon frå oss der ein kan melde seg på til denne samlinga på Høddvoll, søndag 6. oktober – og vi håper på stort oppmøte.
Vi håper derfor din klubb vil delta på samlinga denne dagen.
Frist for påmelding, fredag 27. september kl. 12.00!
Ekstra fokus på FN´s berekraftsmål
- Vi gler oss, og ønsker samtidig klubbane hjarteleg velkomne til berekraftssamlinga på Høddvoll. Vi har jobba ei stund med dette arrangementet, og i tråd med Heimebaneprosjektet ser vi fram til å samle klubbane til ei felles samling med eit ekstra fokus på FN´s berekraftsmål. Vi er så heldige å ha fått med oss blant anna Norges Idrettsforbund som skal snakke om «mangfald og inkludering i idretten» som ein del av programmet. I tillegg vil inviterte klubbar frå Sunnmøre Fotballkrets ha eit innlegg under samlinga, og vi ser derfor fram til ei kjekke samling denne dagen, seier marknad- og medieansvarleg i Hødd Fotball, André A. Gardshol.
For spørsmål utover dette, ta kontakt med André på telefon 995 42 159 eller e-post: [email protected].
Velkomen til ein kjekke dag på Høddvoll!