Ulla: - Her er ein fantastisk treningskultur

Marius Ulla kom på vekas Obos liga-lag etter storspelet mot Stabæk, der Hødd-keeperen hadde fleire klasseredningar mot sin tidligare klubb. Vi tok oss ein prat med 22-åringen før kampen mot Kongsvinger.

Foto: Joakim Miøen / Stabæk Fotball

Ta oss med gjennom følelsesregisteret ditt då du skulle debutere for Hødd mot Stabæk sist måndag?

Veldig moro, først og fremst. Eg var veldig spent frå starten der. Litt å revansjere der for min del ettersom eg har vore på benken der lenge, og følte at eg ikkje vart satsa på. Det var debuten for Hødd, fyrste kamp frå start i Obos og mot gamleklubben, så eg gleda meg stort og kjente at eg var spent, seier Marius.

Var du redd for å få overtenning?

Nei, egentlig ikkje. Eg har blitt meir moden. Hadde det vore meg for tre år sidan, så hadde eg vore redd for det, men eg har roa meg ganskje mykje ned.

Du hadde nokre fantastiske redningar. Korleis opplevde du det sjølv?

Eg starta kampen med å fyre meg sjølv opp. Fekk plukke nokre innlegg, og har eit par enkle redningar, så eg kjem inn i ein fin flyt. Så får dei scoringa si og får litt momentum. Då handlar det berre om å halde litt stand, fordi når dei har momentum, får dei større sjanser. Då treff eg også bra på eit par redningar, så det er ikkje meir enn at eg er inne i flytsona og hadde sjølvtillit.

Etter kampen, så ser vi nokre Stabæk-spelarar som gratulerer deg. Kva sa dei?

Dei syntes det er kjekt at eg får sjansen i Hødd. Eg har vore bra i cupen og på treningar for dei lenge, var godt likt i klubben, og har godt vennskap med fleire av dei fortsatt. Så dei ser ein kamerat som endeleg har fått ein sjanse, og dei syntes at det var moro.

Korleis har det vore å kome til Hødd?

Det har vore veldig fint. Det er ei fin gruppe, og eg har blitt tatt godt imot. Her er ein fantastisk treningskultur, og her er fine mennesker i klubben, så eg har blitt tatt godt vare på som person. Det er større sjanse meg som fotballspelar her enn i  Stabæk, så eg føler meg tent kvar gong eg kjem på trening. Eg føler at her har eg ein sjanse til å bli betre og også få spelt kampar i Obos.

Korleis er stemninga i gruppa no før Kongsvinger-kampen?

Stemninga er bra. Vi fekk ein fin prestasjon mot Stabæk. Det er veldig viktig for oss. Vi er ei ung gruppe med fleire som tar steg kvar dag, men vi er veldig uerfarne, så eg trur det var fleire som trengte godfølelsen og sjå at vi kan hamle opp med kven som helst. Vi er ikkje den nedrykkskandidaten som alle føler. Eg trur at folk begynner å skru om hovudet no før Kongsvinger-kampen, og veit at det kjem til å bli ei tøff oppgåve. Så no er Stabæk-kampen lagt død, for no handlar det å bygge trykk inn mot Kongsvinger-kampen, avsluttar Hødd-keeperen.

Annonse fra Obos-ligaen: