Isak: - Vi skal gå ut i hundre

Vi skal gå ut i hundre, og gjere mykje av det som vi gjorde mot Stabæk, seier Isak Skotheim.

Isak Skotheim sendte dei 150 tilreisande Hødd-supporterane til himmels med si scoring i andre omgang på Nadderud. Vi tok ein prat med midtbanespelaren som har vore i Hødd sidan han var seks år.

Kva betyr det for gruppa å ta med seg heim ein god prestasjon og poeng mot Stabæk?

Det var veldig bra å få ein så god start som vi gjorde, sjølv om vi fort også kunne fått tre poeng. Det var ein kjekk opplevelse for gruppa, og eg trur at det å starte med ein så god lagprestasjon er bra i starten av ein sesong, seier Isak.

Du scora to mål sist Hødd var i Obos-ligaen, og no har du allereie opna scoringskontoen. For ei kule det var du scora i hjørnet der!

Ja, den var fin den. Eg har som mål å fortsette med det, auke talet frå 2023, og no er eg allereie halvveis, seie 24-åringen og ler. Det handlar om å spele seg til dei store sjansane, og sjølv skal eg prøve å skyte meir enn tidlegare. 

Dei som har fulgt deg tett i vinter, spår at du vil få ein veldig god sesong. Kvifor seier dei det trur du?

Det er kjekt at folk har det inntrykket. Eg har hatt ein god pre-season, spelt alle kampar og vore på alle treningar. Har ikkje kjent på noko rusk i kroppen, og fått hatt gode treningsveker. I tillegg har eg følt meg på eit heilt anna nivå fysisk enn før, og det hjelp på. Er du god fysisk, så blir også alt med ball mykje lettare. Difor trur eg at eg har eit betre grunnlag no enn eg nokon gang har hatt.

Kongsvinger neste. Kva er tankane dine rundt den kampen?

Det vert ein kjekke kamp. Vi møter eit bra lag, som vi har respekt for. Men vi skal gå ut i hundre, og gjere mykje av det som vi gjorde mot Stabæk. Vi skal tørre å stå høgt mot dei, men så kjem vi nok til å også bli spelt lave i perioder. Då må vi få kjørt dei på kontringar.

Men som sagt håper eg vi får stått ein del høgt og vere offensive, for det er slikt vi ønsker å framstå. Eg håper det kjem mykje folk på kamp, og at det vert ei god ramme på kampen også, så skal vi gå for tre poeng, avsluttar Isak.

Annonse fra Obos-ligaen: