Johannes Konstali-Lødemel klar for Hødd
Johannes Konstali-Lødemel har signert ei kontrakt med Hødd ut 2025-sesongen! Toppfotball
Hovudtrenar Marius Bøe seier det er ein spennande ung spelar som no har signert for Hødd:
- Johannes er ein spennande ung spelar, med gode ferdigheiter, er fysisk robust og har forståinga av det å vere toppidrettsutøvar. Han er nesten ein lokal spelar, då han er oppvaksen i naboklubben Stryn. Dette er ein flotte klubb med gode verdiar og har vore flinke til å utvikle gode spelarar gjennom fleire år. Johannes har dei siste åra vore ein del av Sogndal Fotball, der han har hatt fin utvikling, vore ein del av B-lista til Sogndal sitt A-lag og var i mai månad på bana i OBOS-ligaen. Velkommen til klubben og til eit utviklingsmiljø som skal vere med å utvikle deg vidare.
Sportssjef Jesper Törnqvist seier dette i ein kommentar:
- Johannes er ein robust ung mann med gode haldningar og som tenker utvikling. Dette er grunnen til at vi no skal utviklast ilag vidare. Ein regional spelar med rå fysikk som har kome fort inn i gruppa. Overgangen er også ein konsekvens av eit fint samarbeid med Stryn Fotball. Velkomen til Hødd Fotball – Johannes!
Vi ønsker Johannes velkomen til Hødd!