«Kalle» før toppkampen: - Vi skal gi alt i alle duellar lovar kapteinen

Torbjørn Kallevåg og resten av spelarane og trenarane på A-laget går inn i ein spennande sluttspurt på årets serie. Tre kampar står att og mykje står på spel, men alt kan vere avgjort allereie søndag klokka 17:50 når Hødd og Jerv barkar saman på Høddvoll.

- Eg trur det vert ein tett og spennande kamp mellom dei to beste laga i divisjonen og eg gler meg veldig, seier Torbjørn.

Hødd-kapteinen er klar på kva som skal til for at ein skal greie å fullføre ein fantastisk sesong med stil.

- Vi må halde fram med å vere dyktige i kvardagen. Gode treninger og gode førebuingar må til i kvar einaste av dei tre siste kampane. Det har vore resepten til no!

Torbjørn har også ei klar oppmoding til Hødd-publikum framfor kampen mot Jerv i helga.

- Publikum må lage så mykje liv dei berre klarer på kamp. Vi skal i alle fall gi alt i alle duellar og vise stoltheit over å vere Hødd-spelar framfor Høddvoll-publikumet, avsluttar Hødd-kapteinen.

Annonse: