Kampen for "like moglegheiter"
Onsdag 6. november kl. 18.00 spelar damelaget finale mot Herd i Sunnmørsposten Cup. Målet er å slå publikumsoppmøtet frå i fjor som var på heile 301 tilskodarar! A-lag damer Heimebaneprosjektet
Klubben har ei målsetting om 400 tilskodarar når Hødd skal jakte tittelen i Sunnmørsposten Cup. Vi oppmoda derfor alle til å sette av denne onsdagen på Høddvoll og støtte laget.
For at vi skal få registrert publikumsoppmøtet under kampen må alle som skal på kampen hente seg ut ein gratisbillett gjennom billettsystemet.
Hent ut gratis kampbillett her!
Kampen er meir enn eit mål om 400 tilskodarar og ei finale om å vinne tittelen. Dette er også ein viktig kamp for «like moglegheiter», og ein del av Heimebaneprosjektet. Synst du det er viktig at jente- og damefotballen har eit likeverdig tilbod i klubben, så vis din støtte gjennom å kome på kampen onsdag.
Bli med og ta eit krafttak for «like moglegheiter».
Dei første 250 personane som henta seg ut billett vil også vere med i trekninga av gåvekort sponsa av fleire samarbeidspartnarar. For å bli kvalifisert må ein derfor vere blant dei første 250, og fysisk vere på kampen onsdag.
Tusen takk til alle som har bidrege med premiar til kampen.
Vis samfunnsansvar og støtt damelaget i kampen mot Herd!