Kampinformasjon Hødd - Lyn

Som kommunisert på vår Facebook-side onsdag ettermiddag er kampen mot Lyn flytta til Color Line stadion. Her kjem derfor litt meir informasjon om kampen.

Billettinformasjon

Vi håper mange tek ta turen til Ålesund og støtta laget i den viktige kampen mot Lyn - for dette kan vi klare i lag!

Sjølv om du har kjøpt billett på Høddvoll, så vil kampbilletten gjelde på Color Line stadion. Her blir det "free seating" under kampen og du kan derfor sjå bort frå felt, rad og sete som står på billetten.

Billettar kan ein kjøpe her!

Grunna flytting av kamp blir det berre mogleg å kjøpe billett på nett og mobil på kampdag. Om du ønsker fysisk billett må du kjøpe denne på Høddvollhuset seinast kl. 14.00 fredag.

*Alle som har kjøpt kampbillett får refundert beløpet som er betalt inn dersom ein ikkje kan nytte billetten. Frist for tilbakemelding til [email protected] er torsdag kl. 12.00. Etter dette vil ikkje billettane bli refundert!

Inngang/ utgang publikum
Blåsarane - Felt A (inngang 2)
Øvrige publikum - Felt B og C (inngang 2)
Bortesupporter - Felt E og F (inngang 5)
 
Parkering
Alle må nytte parkeringsplassen utanfor Sparebanken Møre Arena. Parkeringsplassane utanfor stadion er reservert til AaFK, Hødd, dommarar og NFF-representatar.
 
 

 

Annonse: