Klar for å bite frå seg i Obos-ligaen

Eit motivert trenarteam er klar for å ta fatt på ein spennande sesong i Obos-ligaen.

Lada batteria

Kriblar å få kome tilbake igjen etter ferien heime med familien, samstundes som han har hatt ferie har han og Jesper hatt dagleg kontakt og arbeida for å få klubben klar til oppstart og at laget skal bli ein betre utgåve enn førre sesong, fortel hovudtrenar Marius Bøe. Vidare påbygge han viktigheita av å ta med momenta i frå førre sesong som til slutt gjorde at dei stod på toppen av tabellen ved sesongslutt, gjennom det å vere utviklingsorientert i klubb, i trenarteam, i spelargruppa og dei frivillige. Obos-ligaen er motiverande i seg sjølv, samstidig er det motiverande å få testa og utvikle seg i eit nivå høgare, både for han og teamet kvar vi skal vere på framfoten og framover lent i møtet med 2025 sesongen.

Første treningsveka

Dei tilsette og trenarteamet begynte saman på Høddvoll no på måndag der dei har lagt til rette for sesongstart og inkludert dei nye i teamet slik dei skal få den beste starten og føle seg velkomen. Spelarane har kome undervegs i veka, der vi samlast torsdag til fellesmøte og lett første fotballøkt. Kvar Fredag blir brukt til ulike testar, helga til å hente seg inn igjen før vi dundrar på vidare frå måndag av med 3 gode treningsveke inn imot dei første treningskampane (24.01 mot Volda) (31.01 mot Kristiansund) med vidare syklus treningsveke/kamp. God, rutinert og strukturert plan som legge rette for pre-season og sesongstart er viktig for å vere best mogleg forberedt, fortel også Marius Bøe.

Nytt konsept for sesongen kalla «Proffdagar» der dei har morgonøkt tysdag og fredag med frukost og lunsj som dei skal teste fram til dei er ferdig på treningsleir i Marbella (10.02). Det er noko trenarteamet og spelargruppa ser fram til og er med på auke profesjonaliteten og utviklinga av klubb og spelar.

Nye impulsar

Ny fysisk trenar Daniel Andre Kristiansen med fortid i Olympiatoppen og Toppserien damer er ein spennande tilvekst og er med på å danne kompetanse og kapasitet som vi ikkje har frå før av og ser fram til å ha nytte av. Vidare blir med Anne Marte Halset i frå i fjor som fysioterapeut.

Tre forsterkningar i spelargruppa som vi ser fram til å sjå i blått/kvit ved, Andreas Waterfield Skjold, Sondre Fosnæss Hanssen og Magnus Holte (lån). Dei er spelarar vi har sett ein del og vil vere med å styre oss. Samtidig fortel Bøe at ved å hente Holte på lån skal ikkje vere ein stoppar for utviklinga til unge/lokale spelarar eller dei som ligge akkurat under i å vere ein førstelagsspelar, men heller skal gjer at døra står på gløtt for at det er mogleg for utvikling og mogleita for å banke på døra til å bli ein førstelagsspelar.

- «Veldig fornøgd med spelarlogestikken så langt, Jesper og teamet har brukt mykje tid og gjort ein kjempejobb med rekrutteringa og henta dei riktige typane med det riktige verdigrunnlag og er med på å bidra positivt til spelargruppa. Det er ikkje vits å kome til Ulsteinvik om du ikkje vil utvikle deg og ta det neste steget»- Marius Bøe

Vi ønsker Marius og resten av teamet lukke til med oppkøyringa til ny sesong!

Annonse fra Obos-ligaen: