
Lokalderbyet: Ser etter siger
Torsdag møte Hødd damer sin lokale- og konkurransemessige rival i Sunnmørsposten cup. A-lag damer
Torsdag 06.02.25 møte Hødd-damer Volda i Sunnmørsposten cup, det er andre året cupen blir arrangert med Hødd som regjerande meister. Hovudtrenar Ronny Osnes fortel at dei har kome i ei tøff gruppe med seriekollega Volda og Aafk fortuna 2, og at det er mest sannsynleg kunn eit av dei laga som går vidare frå gruppa. Ronny spesifisera at det er ein kamp som eigentleg må vinnast om dei skal attskape det dei klarte i fjor.
Damelaget har hatt ein treningskamp tidlegare mot Hasundgot som Hødd vant 3-1. Heilt grei kamp; spelemessig ok, ineffektive framfor mål, men gøy å få ein spelsekvens med drakter på. Ellers av oppkøyringa har dei hat fokus på det fysiske, spel/motspel – defensivt/offensivt og fått trent ganske tøft fortel Ronny.
Vidare fortel Ronny at dei gler seg til å møte rivalane Volda fordi dei spelar ofte jamt mot dei og at det er meir enn 3 poeng å spele om.
- Det er eit lag som vi ofte styre spelet mot, men må være oppmerksam på duellspel i boks, dødball og kontring. Vi får sjå kva dei kjem med, so får vi gjær vårt for å ta sigeren.
Amalie Vik har vendt tilbake til Hødd etter opprykk med Ham/Kam og med overgangspapira i siste liten i boks er hun, Ronny og laget klare for kamp på torsdag.
Kom og støtt damelaget, kampstart 18:30 Høddvoll