Lokomotiv Oslo-Hødd 2 søndag ettermiddag!

Søndag ettermiddag reiser Hødd 2 på nytt til hovudstaden for seriekamp i 3. divisjon!

Denne gongen går turen til Marienlyst for bortekamp mot Lokomotiv Oslo. 

Lokomotiv Oslo, der ulsteinvikar Arthur Garnes er "primus motor", har hatt ein god sesong så langt. Dei ligg på 6. plass med 26 poeng før søndagens kamp mot Hødd 2. På heimebane står "Loket" med fire sigrar, to uavgjort og to tap. Det er med andre ord ei tøff oppgåve som ventar Hødd 2 på søndag. 

Hødd 2 har hatt stigning i prestasjonane i haust. Etter 2-0 siger mot Drøbak/Frogn i første kamp etter sommarpausen, har det blitt to 2-3 tap mot KFUM 2 og Ullern. Dei blåkvite reiser revansjelystne og klare for å innkassere tre poeng igjen i helga.

I vårkampen mellom laga endte det med 1-2 til Lokomotiv Oslo, etter at Hødd 2 styrte mesteparten av spelet. 

Kamptropp, lagoppstilling og annan informasjon vil de finne under denne linken i løpet av søndagen: https://www.fotball.no/fotballdata/kamp/?fiksId=6903081

Vi ønsker god tur og lykke til!

Heia HØDD!

Annonse: