Magne Elde ny utviklingsleiar for Møreakademiet gutar
Hødd Fotball går i 2025-sesongen inn i Akademiklassefiseringa og er veldig glade for å ha fått på plass ny akademileiar/ utviklingsleiar i Magne Elde. Møreakademiet
Magne er ein rutinert fotballmann som tidlegare har jobba på Sunnmøre og no siste åra i Sogn og Fjordane.
- Magne er ein erfaren fotballmann frå forskjellige roller på Sunnmøre og Sogn, og vi ser fram til at han kjem inn som leiar for Møreakademiet gutar. Hardtarbeidande leiar med brei erfaring som vi gleda oss til å få inn på Høddvoll. Saman med teamet skal dei jobbe for å utvikle våre unge spelarar i klubben, sier Sportssjef Jesper Törnqvist.
Magne gler seg til å ta fatt på jobben som utviklingsleiar.
- Eg gleda meg stort over å vere i gang i Hødd og på Høddvoll. Å få vere med å utvikle Hødd si utviklingsavdeling og akademiet vidare med fokus på NTF si akademiklassefisering blir utfordrande og spennande. Saman med alle dei dyktige folka i klubben skal vi jobbe hardt og godt med spelarutvikling internt og skape gode relasjonar til klubbane rundt oss.
Vi ønsker Magne velkomen og lukke til i jobben som utviklingsleiar!