Magnus Holte klar for Hødd

Hødd og Rosenborg er einige om ein låneavtale ut 2025 for Magnus Holte. Ein stor spiss med målscorar eigenskapar som nyleg signerte ei lang kontrakt med RBK. Foto: Privat

Magnus hadde fleire innhopp i Eliteserien i fjor og fekk sin første start for RBK heime mot Strømsgodset i november. Ein spennande angrepsspelar som no er klar for å bidra i Hødd-drakta i 2025!

Hovudtrenar Marius Bøe ser fram til å få Magnus inn i gruppa.

- Hødd er ein klubb med flotte tradisjonar på spelarutvikling, noko som både spelarar og klubbar i Norges land registrerer. At Rosenborg no ser på klubben vår som ein fin utviklingsarena for eit av klubbens store talentar, er ein fjør i hatten til miljøet på Høddvoll. 

- Magnus er eit stort spiss talent, som allereie har vist seg fram på høgste nivå i Norge. Han har landskampar på aldersbestemt nivå, han har fysikk, kraft og er ein målscorar. Samtidig har gode samtaler ført til ein felles forståing på kva som krevst for å vere ein del av vårt miljø, og det å ta det neste steget. Takker Rosenborg for ein fin prosess. Velkomen til klubben. 

Magnus ser fram til å utvikle seg vidare i Hødd.

- Eg er veldig glad for å ha signert ein låneavtale med Hødd ut 2025-sesongen. Det kjennes ut som eit riktig steg i min karriere for å fortsette utviklinga mi og få meir erfaring. Mitt førsteinntrykk av klubben er veldig positivt både etter diskusjonar og besøk lisjejulaften på Høddvoll. Det verka som ein klubb med store ambisjonar samt at utvikling av unge spelarar er noko dei setter høgt. Eg gleda meg til å starte sesongen og bidra til lagets utvikling. Eg ser fram til å bli kjent med spelarar, trenarteamet og folka rundt klubben.

Sportssjef i Rosenborg, Mikael Dorsin seier dette i ein kommentar:

- Magnus har hatt ei fin utvikling siste halvåret og vi ønska den skal fortsette. Det er viktig akkurat no i hans utvikling at han får mykje speletid på toppnivå. Derfor har vi no sett etter eit godt miljø for Magnus si vidare utvikling, og etter god dialog og god framlagt plan i saman med spelar, Hødd og Rosenborg, så har vi stor tru på at Hødd kan vere ein veldig fin arena for Magnus i 2025. Både med å hjelpe Hødd på banen med gode prestasjonar og resultat, men også at Magnus skal utvikle seg sjølv som spelar og menneske. Som forhåpentlegvis kjem til å gjere han meir klar for å konkurrere om meir speletid i Rosenborg i framtida. Vi takka Hødd for ein veldig fin prosess heile vegen.

Sportssjef Jesper Törnqvist seier dette i ein kommentar:

- At RBK ønsker å sende ein av sine mest spennande spelarar til oss er veldig kjekt for oss som klubb. Vi ser fram til å styrke den gode dialogen og samarbeidet vi har med RBK. 

- Ein spiss med størrelse og mål i seg er noko vi har sett etter ei periode og er derfor fornøgde med å få Magnus inn i gruppa. Dette styrka oss som lag og gir oss god konkurranse på topp. Magnus er i tillegg som type ein person som vil passe godt inn i vår utviklingsorienterte tropp. 

Vi ønsker Magnus velkomen til Hødd!

Annonse fra Obos-ligaen: