Mål om å ta enda eit steg på den fysiske kapasiteten
Sesongoppkøyringa til damelaget starta laurdag, og hovudtrenar Ronny Osnes seier laget skal trene godt i oppkøyringa for å vere godt rusta til å stå distansen ut i kampane i årets sesong. A-lag damer
Laurdag kl. 11.00 starta oppkøyringa til ny sesong for damelaget, og hovudtrenar Ronny Osnes seier første månaden vil det bli lagt opp til stort sett harde økter, eller som han kalla det "januarkøyret".
- Vi startar sesongoppkøyringa no laurdag etter ein god ferie og treningane i desember. Eg trur, og har høyrt at spelarane gleder seg til treningane startar oppatt. Desse tre vekene med «juleferie» har spelarane fått nytta tida og trene etter eige behov. No startar vi «januarkøyret» der vi kjem til å trene stort sett harde økter. Ei av øktene blir med klubben sin fysiske trenar. Dette såg vi var med og hadde god effekt førre sesong, og eit av måla er å ta enda eit steg på den fysiske kapasiteten. Elles vil øktene bli tøffe fotballøkter.
Testing av fysisk kapasitet i januar
- I løpet av januar skal vi i alle fall teste løpskapasiteten i gruppa, og her sverja vi til den gode gamle Nordlie-testen. Hovudsakleg fordi spelarane likar å måle seg mot tidlegare resultat dei har hatt. For oss er det sjølvsagt viktig å ha løpskraft, men eg tenker også at det gir mental styrke å vite at vi er godt trena. Det meldte også spelarane mellom anna i fjor, og det viste seg gjennom at vi mellom anna scora 10 mål siste 20 minutta av kampane. Det viser at spelarane står distansen. Men det er minst like viktig for meg, med å vere godt trena, er at eg tenker spelarane vil ta betre val med ballen utover i kampane.
To treningskampar i slutten av januar
- I januar vil vi spele to treningskampar mot Hasundgot og Ørsta, der vi planlegg å fordele speletida i gruppa relativt jamt. Vi har meldt oss på Sunnmørsposten Cup, for å forsvare tittelen frå 2024. Turneringa har i år med 11 lag, så det blir gruppespel som i fjor og vi ventar no på trekning og oppsett. Desse kampane er planlagt å kome i gong i februar, så vi har ikkje landa nokon treningskampar i denne månaden. Vi har eit par avtalar om moglege kampar, men vi vil sjå om vi blir trekt i same gruppe som desse laga i Sunnmørsposten Cup først.
- Nokre av spelarane i damestallen skal også spele NM-kvalifisering for J17, og desse startar i januar. Så det skal bli nok trøkk og belastning når vi no startar 2025-sesongen.
Vi ønsker Ronny og resten av teamet lukke til med oppkøyringa til ny sesong!