Marcus Mikhail klar for Hødd

Marcus Mikhail har skreve under på ei kontrakt som strekkjer seg ut 2026-sesongen!

Marcus er ein spelar med bra «power» og med god erfaring frå nivå 2 i Sverige. Ein venstreføtt spelar med god kapasitet og innleggsfot.

- Vi har i ein lengre periode jakta ein venstre vingback, og er veldig glade for å ha signert ein avtale med Marcus ut 2026. Ein spelar med gode ferdigheiter og med ein god fot som har erfaring frå nivå 2 i Sverige. Velkomen til Hødd, seier Sportssjef Jesper Törnqvist.

Marius Bøe ser fram til eit spennande samarbeid.
 
- Vi har over ei lengre periode våre på utkikk etter ein venstreføtt vingback, som har dei rollekriteria vi har i den posisjonen. Marcus leverte eit solid inntrykk under prøvespel sist veke, noko som gjorde at vi ønska å få til ein overgang. Han var på bana i alle dei 30 kampane i Superettan sist sesong. Noko som betyr at Marcus har fin erfaring frå toppfotballen. No starta jobben med å fase han inn, bli kjent med medspelarar og skape relasjonar på bana. Vi ser fram til eit spennande samarbeid.
 
Marcus skal jobbe hardt for å oppnå suksess i 2025.
 
- Eg er veldig glad og gler meg til å kome i gang. Mitt inntrykk av Hødd er at klubben er kjent og profesjonell. Eg har blitt tatt veldig godt vare på av alle i og rundt klubben. No gleda eg meg til å kome i gang og jobbe hardt for å oppnå suksess i 2025.
 
Vi ønsker Marcus velkomen til Hødd!
 
Annonse fra Obos-ligaen: