Marius Amundsen Ulla klar for Hødd

Marius kjem på ein overgang frå Stabæk med ei kontrakt ut 2026-sesongen.

Keeperen står med åtte kampar for Stabæk (NM kampar), og 49 kampar for Stabæk 2 i Norsk Tipping-ligaen. No fortsette han karrieren i Hødd dei neste to åra.

Hovudtrenar Marius Bøe seier dette i ein kommentar:

- Marius imponerte trenarteamet under opphaldet før jul. Han er ein robust keeper med veldig gode keeperferdigheiter. Marius er dedikert, rette verdiar og kjem frå eit profesjonelt miljø i Stabæk. Her har han godt gradene. No går turen til Ulsteinvik, her Marius skal utvikle seg vidare. Velkomen til klubben vår.

Sportssjef Jesper Törnqvist seier dette i ein kommentar:

- Marius trena med oss i haust og vi fekk eit veldig godt inntrykk både som person og keeper. Ein stor keeper som passa godt inn i vår gruppe og som vil styrke keeperteamet.

Vi ønsker Marius velkomen til Hødd!

Foto: Privat
Foto: Privat

 

Annonse fra Obos-ligaen: