Marius: - Det er stor konkurranse om å få spele

Hovudtrenar Marius Bøe seier det er god kvalitet på trening og håper å sjå igjen dette i kampen mot Notodden.

*Denne artikkelen vart først publisert i Hødd avisa 12.09.2024.

Etter solide 14 strake sigrar, klubbrekord og ei imponerande rekke med resultat vart det eit tap borte mot Vard Haugesund sist. Etter ei god treningsveke er laget klare for å slå tilbake mot Notodden laurdag!

- Først vil eg nytte anledninga til og gratulere spelarane med ny klubbrekord, 14 sigrar på rad i serien. Imponerande mentalitet.

- Ny kamp og nye moglegheiter. Denne gongen tek vi imot eit lag som har spelemessig imponert meg denne sesongen. Notodden har vore spesielt gode på bortebane. Levert fin offensiv fotball og vore dyktige i kontringsspelet. 

Sist laga møtte kvarandre vann Hødd med solide 0-4 på bortebane. Hødd sine mål vart scora av Robin Hjelmeseth x2, Eirik Blikstad og Fredrik Dimmen Gjerde. 


- Vi kan plukke frå ein skadefri tropp, bortsett frå dei som er ute med langtidsskade. Det er stor konkurranse om å få spele, noko som gjer at det er god kvalitet og tilstedeværelse på trening. Håper vi kan sjå igjen dette i kampen. 

- Spelarane fortener støtte, og håper publikum er klar for å heie gutane fram til ein ny god prestasjon. Heia Hødd!

Vi ønsker Marius og laget lukke til i kampen mot Notodden!

Annonse: