
Marius: - Vi har ein gjeng som har tru på det vi driv med
Marius etter kampen mot Start, og status før cupkampen mot Grorud torsdag. Toppfotball
Du er opptatt av å vere utviklingsorientert. I fjor hadde Hødd eit poeng etter tre kampar i PostNord-ligaen. No er fasiten fire poeng etter tre Obos-kampar. Det har vore ei bra utviklingsreise siste året!
- Eg trur, vi som trenarteam trur og klubben trur at vegen å drive på med fotball er gjennom å ha utviklings-fokus i kvardagen. Når vi går på treningsfeltet kvar dag, så gjer vi det for å bli betre. Vi jobbar med eit konsept og ein måte å spele på som skal gjere oss betre på sikt. Hvis ein gjer det, så trur eg at spelarane får eit stort eigarskap til det. Det gir tryggheit og styrke og vite korleis vi skal opptre offensivt og defensivt. Det gjer også at spelarane evaluerar kvarandre og justerar kvarandre i trening, som gjer at vi får fleire trenarar på feltet. Då blir det blir ikkje berre eg og Kristoffer som trenar gutta, men spelarane trenar kvarandre. Då tek spelarane eigarskap i eiga utvikling. Det handlar både om det som skjer i garderoba, på feltet og utanfor bana. Får du det til å henge i hop, så blir det bra. Då skjer utvikling, både av spelarar, miljø og klubb. Så det er vegen vi har valgt å gå, og eg trur vi er inne på noko bra, seier Marius Bøe.
Hødd har hatt mange gode resultat sidan du kom inn som trenar, men sigeren mot Start er vel ein av dei sterkaste?
- Ja. Det å reise på bortebane mot eit Start som hadde vunne sine to fyrste kampar og har 5 000 sørlendingar bak seg på tribuna, er sterkt. Med Stabæk, Kongsvinger og Start i dei tre første kampane visste vi at dette kom til å bli ein tøff start. Vi hadde ein god prestajon mot Stabæk og fekk med oss eit poeng. Kongsvinger var ingen god prestasjon, og så reiser vi til Kristiansand og møter eit rutinert Obos-lag som kan gå til topps på tabellen med siger. Då blir vår oppgåve som trenarteam snakke om utvikling, og at vi må tørre å vere oss sjølve. Det var fokuset vårt. Vi måtte vere modige, og spelarane var sinnsjukt modige i fyrste omgong, og fekk betalt for det. Så får vi ein på trynet i starten av andre omgang. Det å klare å stå i det som gruppe, coache kvarandre, hjelpe kvarandre, blokke skudd og juble for kvarandre. Det seier noko om mentaliteten i gruppa vår, og det er det som imponerar meg mest etterkvart i den kampen. Dei set inn eine fyrtårnet etter det andre, har voldsom Obos-fysikk, men det unge laget vårt står samla og gjer dette til ein enorm lagseier. Det gledar meg mest! Vi har ein gjeng som har tru på det vi driv med, er lojale til det og viser eit enormt samhold. Eg trur man kan kome langt som fotballklubb med eit sterkt samhold, og det skal gruppa ha skryt for at gruppa har klart å få på den korte tida eg har vore her.
Kampane kjem tett for tida. I morgon ventar Grorud i 2. runde i cupen. Kva muligheiter og utfordringar ventar der?
- Det er ei kjekk periode vi er inne i med kampar som kjem tett. Spesielt når du taper er du glad for at kampar kjem fort, medan etter siger vil ein ofte ynskje å suge meir på karamellen. Men det er kjekt å spele kamp, og det er god læring i å spele kampar tett. Vi er godt trent, så eg er ikkje redd for at spelarane ikkje taklar det. Utfordringa er belastninga med reise, og at vi har nokre spelarar som kjenner på smågreier, og dei må vi halde kontroll på. Det kjem ny kamp igjen mot Ranheim på tysdag. Cupen prioriterar vi, og Hødd har gode tradisjonar i den. Går vi vidare er det god økonomi i det, og det gir muligheit å teste seg og skaffe seg gode referansar mot gode motstandarar. Vi kjem til å ta nokre hensyn i forhold til belastning for nokre spelarar, medan andre har ingen problem med det tette kampprogrammet. Mot Brattvåg var det spelarar som ikkje har spelt i Obos til no som kom inn og avgjorde kampen, og hadde gode innhopp. Så eg stolar på dei, og dei må også få sjansen. Om det blir frå start eller gjennom innhopp, det er noko vi ser på, men spelarar skal få moglegheita. Vi ynskjer å gå vidare, og skal stille eit slagkraftig lag i cupen. Grorud er eit godt lag som har som mål å kjempe i toppen av ein god PostNord-liga, så det blir ein tøff kamp, noko Brattvåg-kampen i førre cuprunde var eit godt døme på. Men vi skal levere ein god prestasjon, og gode prestasjonar veit vi ofte gir oss noko, seier Hødd-trenaren.
Apropos Brattvåg-kampen. Du stilte med åtte klubbutvikla spelarar i den kampen. Det er ein høg prosentandel i toppfotballen.
Ja. Vi ynskjer å vere ein klubb som utviklar både spelarar frå eigen klubb og lokale spelarar. Så er det slik at på vegen mot toppfotballen, så tek det litt tid. I fjor var det x antal spelarar som ikkje hadde erfaring frå PostNord-ligaen, som spelte i PostNord. Denne sesongen er mange som aldri har spelt i Obos, som skal spele i Obos-ligaen. Dei skal få tilvenning, få litt drypp, og til slutt tek dei nivået. Sånn er det. Men no er det ein kamp som skal spelast mot eit PostNord-lag, og det har mange av dei som kom inn mot Brattvåg og er lokale, erfaring med. Så blir det fleire lokale spelarar som vil få sjansen i Obos-ligaen utover, men nokre treng meir tid, og det er heilt naturleg i ei utvikling. Vi er stolte av at åtte klubbutvikla spelarar fekk sjansen mot Brattvåg, og så er det mange gode spelarar som vi har henta inn som gjer ein ekstremt god jobb for klubben, og det er også viktig å påpeike. Fotball er ein konkurranse-idrett, og ein ynskjer alltid å stille det beste laget.
Spelarar som Magnus Holte, Oliver Aske, Noah Riise, Vegard Håheim Elveseter og Fredrik Gjerde har alle vore skada i det siste. Kva er status rundt desse spelarane?
- Fredrik Gjerde er klarert og klar etter hjernerystelsen mot Brattvåg. Magnus Holte er klar for troppa mot Grorud. Det har tatt litt tid, men sånn er det og det er gledelig å ha han tilbake. Oliver Aske er klar og kan vere aktuell for tropp. Noah Riise nærmar seg. Vegard Elveseter jobbar steinhardt. Han er inne i si tredje fulle treningsveke, så det begynner å nærme seg for han også. Han har vore ute med alvorleg skade, så vi må vere tålmodige med han. Sjølv om han er utålmodig sjølv, så må vi bygge han gradvis opp og vere smarte med han. Vi ser at han er ein spelar med masse kvalitet. Så det ser positivt ut på skadefronten akkurat no, avsluttar Marius.