Martin Håheim-Elveseter selt til Sarpsborg 08
Hødd Fotball har blitt einige med Sarpsborg 08 om ein overgang for Martin Håheim-Elveseter. Toppfotball
18-åringen har i dag signert papira som gjer han til Eliteserien- og Sarpsborg 08-spelar ut 2028-sesongen.
- Først må vi gratulere Martin, takke ham for tida i Hødd og ønske ham lykke til! Vi hadde mest lyst og holde på Martin no, men over ei periode i år har vi oftare og oftare sagt nei til bod som etter kvart vart på eit nivå der dette enda i ei god historie for alle partar. Martin sjølv ønsker å ta neste steg no og får ein fantastisk overgang, Sarpsborg 08 får ein god spelar og klubben Hødd får et historisk sal i ein størrelse ein aldri har hatt tidlegare, seier Dagleg leiar og Sportssjef Jesper Törnqvist.
Martin kom til Hødd sommaren 2021 og har hatt ei flotte utvikling i klubben. Det store gjennombrotet i Hødd-drakta har kome i årets sesong, der Martin har våre ein sentral brikke i laget. Martin står med 27 serie- og cupkampar for Hødd, og med 8 mål totalt.
Jesper seier vidare at dette salet er viktig for klubbens vidare utvikling.
- Martin sin reise er sånn vi ønsker, og eit resultat av den jobben som har blitt gjort i klubben. Ein lokal spelar som har utvikla seg slik at han no har blitt selt vidare. Dette er viktig for klubbens vidare utvikling og gir også motivasjon og inspirasjon til andre. Eit utviklingsorientert fokus som fører til eit godt sluttprodukt for spelar og klubb. Samtidig er dette steg to på vegen og vi gleda oss til å følge utviklinga vidare også i blått og kvitt, vi heia på deg!
- Vi ønsker å gratulere Martin sin familie, Bergsøy som moderklubb, trenarteam og spelararar som har våre involvert i reisa så langt. Utvikling av ein spelar er lagarbeid!
- Vi takka også for godt samarbeid i prosessen med Sarpsborg 08 og agent Jim Solbakken og co.