Noah Riise klar for Hødd

Noah har skreve under på ei kontrakt som strekkjer seg ut 2026-sesongen. Foto: Andreas Steinnes Bjerknes/ Vikebladet Vestposten.

- Eg valta å dra til Hødd ettersom det verka som ein veldig spennande klubb som har historie for å utvikle unge spelarar. I tillegg har dei ein utviklande spelestil som passa meg midt i blinken. Når ein toppar det med ei fin spelargruppe og ein dyktig trenar var valet enkelt å ta.

Sportssjef Jesper Törnqvist seier Noah passa godt inn i Hødd-miljøet.

- Noah har etter to besøk overbevist klubben på at han både som spelar og som type vil passe godt inn i Hødd-miljøet. Ein spelar med kraft i spelet sitt som kan bidra i fleire roller. Vi gleda oss til å utvikle oss vidare saman. Velkomen!

Hovudtrenar Marius Bøe seier Noah er ein godt skulert spelar.

- Noah er ein godt skulert spelar med gode basisferdigheiter. Samtidig er han eksplosiv og forflytningssterk, og har ein fin forståing av spelet. Gjennom prøvespel, samtalar og testing, har Noah bevist at han er ein spelar som passa inn i det gode miljøet her i Ulsteinvik. Velkomen til oss.

Vi ønsker Noah velkomen til Hødd!

Annonse fra Obos-ligaen: