Ole-Monrad Alme har signert ny avtale
Ole-Monrad Alme har signert ei ny kontrakt med Hødd som strekkjer seg ut 2025-sesongen! Toppfotball
Sisteskansen som kanskje hadde sin beste sesong i Hødd-drakta i år er derfor klar for å bidra vidare i ein spennande sesong i OBOS-ligaen i 2025.
Hovudtrenar Marius Bøe seier dette i ein kommentar:
- Ole-Monrad har gjennomført ein veldig god sesong i PostNord-ligaen. Ein kontinuitetsberar med lang erfaring i klubben vår. Hans nærvære og tryggheit har vore svært viktig i eit ungt Hødd-lag. Glad for at vi kan fortsette samarbeidet.
Ole-Monrad sjølv er glad for å fortsette i Hødd:
- Eg har alltid hatt eit mål om at Hødd skal tilbake der vi høyre heime, og er veldig glad for å ha signert ei ny kontrakt med klubben eg har vore ein del av i så mange år. Eg har fått oppleve både oppturar og nedturar, og no ser vi som klubb fram til det vi skal få til i tida framover. Hødd betyr mykje og er takknemleg for å få bli med på vegen vidare.
Sportssjef Jesper Törnqvist seier dette i ein kommentar:
- Ole-Monrad har vore i A-stallen til Hødd i over 10 år og hadde i 2024 sin kanskje beste sesong så langt. Vi er derfor veldig happy med å ha Ole-Monrad med vidare som ein ekstremt viktig del av det vi har bygga og skal bygge vidare på!
Vi gratulerer Ole-Monrad med ny kontrakt!