
Ole Monrad Alme: - Skal gripe sjansen
Les kva Hødd sin nye nr. 1 seier før Bryne-kampen.
Med utlånet av Jan Lennart Urke, er 20 år gamle Ole Monrad Alme klar til å gripe muligheita mellom Hødd-stengene.
Keeperen frå Brandal har pusta Urke i nakken i lang tid, og etterfølger ei gruppe med særs gode keeperar i Hødd siste åra. Vi kan blant anna nevne Lars Ivar Moldskred, Kim Deinoff, Vebjørn Skeide, Ørjan Håskjold Nyland, Andreas Lie, Aslak Falch og nevnte Urke.
- Kjenner du på eit press når du veit kva keeperar klubben har hatt siste åra?
- Nei. Men eg har høge mål og forventningar til meg sjølv.
- Føler du det var på tide å få sjansen som førstekeeper i Hødd?
- Det har eg ikkje tenkt så mykje på. Det viktigaste no er at eg har fått sjansen, og at eg grip den.
- Korleis skal du gripe sjansen?
- Det er berre å gjere det same som har fungert til no, og jobbe godt. Men no som eg er førstekeeper, må eg verte endå meir fokusert på å skaffe meg overskudd til sjølve kampane. Så handlar det sjølvsagt om å halde nullen og gjere ein god jobb.
- Kva tenkjer du om Bryne-kampen på søndag?
- Det blir ein tøff fight. Dei er topplaget, og ubesigra. Men kampen startar på 0-0, vi har eit toppnivå som er høgt, og alt er mogleg!
- Korleis skal Hødd få ei god avslutning på sesongen?
- Vi må berre gi jernet på trening og yte maks i kvar kamp. Så handlar det sjølvsagt om å stå saman, støtte kvarandre og jobbe hardt mot eit felles mål.
Kampstart er altså søndag kl. 18.00. Vi sjåast på Høddvoll! Heia Hødd!