PREVIEW: HØDD - NARDO
Søndag kl. 16.00 er det endeleg klart for kamp igjen når Nardo gjestar Høddvoll!
Tabelltopp etter 12 serierunder
Etter ein sterk bortesiger mot Kjelsås sist, så tok Hødd over tabelltoppen etter 12 serierunder. Laget har våre bunnsolide det siste året og har ein imponerande statistikk i vise til!
No ventar to heimekampar for Hødd mot Nardo først og Stjørdals-Blink neste helg. Dette er to lag som Hødd skal slå på ein normal dag, men vi har sett at alle kampane i denne avdelinga er jamne.
Vi håper å sjå eit heiltent lag som fortsetter med den gode forma og trykker til frå første spark på ball!
Søndagens kampprogram vil vere tilgjengeleg ved inngangane på hovudtribuna. Du kan også sjå kampprogrammet her!
Les meir om søndagens motstandar under.
Om Nardo
Trondheimsklubben er ein kjend skikkelse i 2. divisjon. Dei har spelt på nivået sidan 2009, så ein kan kalle dei for ein stabil 2. divisjonsklubb. Mellom 1997 og 2008 veksla dei på å spele i 2. og 3. divisjon, medan storheitstida til klubben var mellom 1992 og 1996. I 1992 rykka dei for første gong opp til 1. divisjon og året etterpå var dei berre 5 poeng frå å rykkje opp til dåverande Tippeligaen. Dei haldt seg på nest øvste nivå fram til 1996 då dei rykka ned att. I fjor var det fleire som spådde at Nardo kom til å rykkje ned frå 2. divisjon, men med eit botnsolid forsvar klarte dei å halde seg oppe. Ein ”flying start” der dei vann 6 av sine 7 første kampar gjorde også at plassen var bortimot sikra tidleg i sesongen. Framover på bana scora dei nest minst, så ein ser at forsvarsspelet er den klare styrka til Roar Strand sin tidlegare klubb.
Hittil i sesongen har ”visa” vore ganske som forventa. I likskap med tabelljumbo Vard har dei scora minst mål (12 stk), og med 23 mål i ”sekken” har dei slept inn fjerde mest. Det at dei har slept inn så mange mål har vore litt overraskande, medan den offensive trusselen har vore som venta. Dei ligg per dags dato på ein 12. plass, noko som betyr at dei er akkurat under den berykta ”streken”. Dei har 1 poengs differanse til dei to næraste plassane på tabellen, så ein skal ikkje sjå vekk frå at nedrykksstriden kjem til å forandre seg utover i sesongen. Nardo har naturlegvis vore betre på heimebane enn bortebane, noko som taler for våre moglegheiter i denne kampen.
Spelarprofilar på Nardo
Målvakt Henrik Bakke har erfaring frå Levanger og OBOS-ligaen, og har vore kanskje Nardo sin beste spelar sidan han kom til fjorårets sesong. Gode refleksar og reaksjonar er spesialitetane hans, og han er ein spelar som fortener fleire sjansar på høgare nivå. På høgrebacken finn vi hurtigtoget Jørgen Solli. Han har 1 kamp for Rosenborg, og er ein viktig spelar for dette laget. Han pådrog seg ei skade i pre-season, men har spelt seg inn i laget og tilbake til form igjen. Midtstopparparet Vebjørn Vinje og Lars Arne Togstad er nykomponert, ettersom begge kom til årets sesong. Vinje kom frå bynabo Byåsen, medan Togstad kom frå collegefotball i USA. Dei har kanskje vore litt usikre og ikkje funne heilt tonen hittil, men dei har potensiale til å utvikle seg ytterlegare. På venstrebacken finn vi ein ekte Nardo-gut i Marius Sandvik. Han er ein ung gut som har sementert plassen sin i laget.
På midtbana finn vi Jørgen Bjerve og Bendik Lysvåg, begge studentar i byen. Dei tilfører laget mykje energi og ungdommeleg glød. Saman med dei kjem mest sannsynleg Magnus Strand til å spele. Han har tidlegare vist seg som ei berebjelke i dette laget, men har ikkje heilt fått det til hittil i sesongen. Han har pådrege seg 5 gule og 1 raudt kort, noko som kan tyde på mykje frustrasjon. Vi spår at han får ein meir positiv haustsesong. På høgrekanten finn vi Christoffer Engan, lagets toppscorar i fjor. Han har, i likskap med dei andre offensive spelarane hatt ein ”trå” sesong, men han er likevel ein god spelar som utgjer ein trussel. På den andre kanten finn vi Nardo sin store formspelar. Jarl Magnus Knutsen har nemleg scora to mål på to kampar, og er Nardo sin einaste målscorar dei siste tre kampane. Fremst på bana finn vi Jonas Frøner. På dei to siste sesongane har han notert seg for 55 mål i 3. divisjon, men han har endå ikkje klart å finne nettmaskene denne sesongen. Han er nok ”sugen” på å vise seg fram og å bryte scoringstørka.
Om kampen
Dette er nok ein viktig kamp for oss i kampen om opprykk til OBOS-ligaen. Vi er i strålande form og sigeren mot Kjelsås førre helg viste at vi er eit topplag. Nardo har ikkje fått sesongen heilt til å ”rulle og gå” endå, men med siger mot Brattvåg i førre kamp, kjem dei til å kome sjølvsikre og lyst til å lage ei sigersrekke. Dei har mange spelarar som har lyst til å få ”kickstarta” sesongen skikkeleg, så det blir på ingen måte ein walkover. Marius Hagen er tilbake etter å ha vore suspendert, noko som er svært gode nyheiter for oss. Det er frykteleg tett i toppen, så for å gjere skikkeleg nytte av Kjelsås-sigeren så må ein halde fram med den gode forma. Vi satsar på at ”blåtrøyene” går sigrande ut av søndagens batalje, og vi håper at du tek turen for å støtte oss til siger. Heia Hødd!
Korleis kan eg sjå eller følgje kampen live?
Kampen er heilt klart best å sjå live på stadion og vi håper du sett av eit par timar på Høddvoll søndag ettermiddag for å støtte dei blåkvite til nye 3 poeng!
Billett til kampen kan du kjøpe her!
Kampen blir også streama på Sunnmørsposten og Vikebladet for dei som ikkje har anledning til å ta turen til Høddvoll.
Vi vil også opprette ein kamptråd på Facebook og Twitter med laupande oppdatering frå kampen.
I tillegg vil vi legge ut bileter frå før, under og etter kamp på Snapchat, Facebook og Instagram.
Etter kampen vil det bli lagt ut videohøgdepunkt frå kampen.
Dagens kampsponsor
KAMPFAKTA
-
POSTNORD-LIGAEN 2018 AVD. 2
-
HØDDVOLL
-
29.07.2018 KL. 16:00