PREVIEW: KFUM - HØDD
Laurdag spelar Hødd sin andre bortekamp for året i PostNord-ligaen og motstandar er KFUM. Les meir om kampen her!
To lag i form møtast
Sesongens tredje seriekamp står for tur når Hødd spelar borte mot KFUM laurdag. Begge lag har starta sesongen godt og tidleg i sesongen blir dette eit toppoppgjer i divisjonen. KFUM leiar tabellen etter to serierunder med 6 poeng. Like hakk i hæl er Hødd med 4 poeng og 3. plass.
Om KFUM
KFUM har vore i 2. divisjon dei siste 10 sesongane, utanom ein liten ”svipptur” innom 1. divisjon i 2016. Dei har altså vore eit stabilt bra 2. divisjonslag. Fjorårets sesong enda med 7. plass i avdeling 1 med 34 poeng. Dei hamna dermed ein plass under Hødd i ei anna avdeling med 6 poeng mindre. Dei scora 43 og slapp inn 39 mål, noko som er alminnelege tal. Ettersom mange spelarar frå fjorårets lag la opp etter sesongen, så har KFUM satsa på unge spelarar frå eigen juniorstall til denne sesongen. Dei har også henta diverse spelarar frå nærområdet og stallen ser ut til å ha god breidde.
Dei har av mange blitt tippa midt på tabellen denne sesongen, men med to sigrar på dei to første kampane i tillegg til cup-avansement, så verkar det som om KFUM kan vere med heilt i toppen. Dei slo Vidar og nyopprykka Brattvåg henhaldsvis 3-0 og 4-1. Med 7 mål i ”+”-protokollen har dei faktisk scora meir enn dobbelt så mykje som nestemann i ligaen, og 1 mål imot viser at forsvaret har vore ganske tett hittil.
Sunnmørsposten - KFUM er et meget bra lag
Etter kampen mot Brattvåg skreiv Sunnmørsposten følgjande:
”La det være sagt med en gang, KFUM Oslo er et meget bra lag som ganske sikkert vil hevde seg helt i toppen i 2. divisjon. Men sjelden har de vært mer effektive enn mot Brattvåg, det var også KFUMs trener Jørgen Isnes enig i.”
Spelarprofilar på KFUM
KFUM eller ”Kåffa”, som dei også blir kalla, har hatt ein svært god start på sesongen. På dei to kampane dei har spelt, så har spiss Moses Mawa scora 3 mål. Han har ganske store sko å fylle etter Emil Ekblom som har lagt opp etter ein sesong der han scora tosifra antal mål. Mot Brattvåg utnytta han ein feil ved motstandarlaget sin keeper, noko som tyder på at han er aggressiv i spelestilen og ein god førsteforsvarar. Han blir også skildra som kjapp, direkte og uforutsigbar. Robin Rasch, som er halvparten av den defensive midtbana, er også ein solid spelar KFUM nyttar godt av. Han er ein komplett midtbanegeneral som har ein god fot, er god på å vende spelet når det trengs og er enkelt og greitt ein fotballsmart spelar.
Spelaren dei ”blåkvite” må sjå opp for er ”10”-aren som har draktnummer 8, nemleg Stian Sortevik. Sortevik er ein offensiv midtbanespelar og er svært god på dette nivået. Han er blant dei beste i heile avdelinga og 2. divisjon og er ein solid spelar. Frå 2007 til 2011 spelte han i KFUM, og scora 54 mål på 154 kampar før han gjekk til Hønefoss og litt seinare til Stabæk. Desse klubbane spelte han blant anna på Noreg sitt øvste nivå på den tida, noko som viser at Sortevik heilt klart er ein spelar av rang. Han kom heim att til ”Kåffa” i 2015 og har vore der sidan. Det var nok tryggheitsfølelsen og viljen som mangla då han spelte fotball på eit høgare nivå, men det verkar som om han har slått seg til ro att, og fått tilbake spelegleda. Sortevik har ein bra fysikk, godt driv med ball og er svært fotballklok. Dette er laget som leiar ligaen sin beste mann, så sjå opp for Sortevik!
Om kampen
Begge lag har hatt gode opningar på sesongen, men KFUM har opna litt betre enn dei ”blåkvite”. KFUM var visstnok utruleg effektive mot Brattvåg, medan Hødd var svært ineffektive mot Vard førre helg. Dette blir ein tøff test borte mot KFUM, men Hødd har virka solide bakover og produsert bra med sjansar offensivt i begge kampane hittil i år. Hødd kan derfor fort ta med seg 3 poeng heim til Ulsteinvik.
Vi går for ein sterk bortesiger til Hødd!
Korleis kan eg sjå eller følge kampen live?
Kampen blir streama på Sunnmørsposten og Vikebladet (For abonnent).
Det vil også bli oppretta ein kamptråd der ein kan følgje dei viktigaste hendingane frå kampen.
Etter kampen vil det bli lagt ut videohøgdepunkt og eit lite kampreferat frå kampen.
HEIA HØDD!
KAMPFAKTA
-
POSTNORD-LIGAEN 2018 AVD. 2
-
KFUM-ARENA
-
28.04.2018 KL. 14:00