![](/nyheiter/preview-vard-haugesund-hodd/_/image/79eef96b-ae57-464a-b3e9-0af1dd5445ee:e0d680509927c82d690a778f27b80a9f9cb6a88a/wide-1600-900/31072996_1800810106649261_6989678465259667456_n.jpg)
PREVIEW: VARD HAUGESUND - HØDD
Laurdag kl. 14.00 er det topp mot botn i PostNord-ligaen. Vi møter Vard på Haugesund Stadion i Rogaland.
Om Vard Haugesund
Vard Haugesund har etter å ha vore ein tur innom 1. divisjon i 2013, vore eit stabilt bra 2. divisjons-lag. I fjor hamna dei på 8. plass, to plassar bak Hødd. Det skilde berre 1 poeng mellom laga, noko som viser at laga var så og seie jamgode. Dei scora 33 mål førre sesong, altså ikkje ”heavy metal”-fotball, men dei var gode på heimebane og sterke på kontringar. Dei er kjende for å satse på lokale unggutar som dei hentar frå lag i lågare divisjonar, utviklar dei, og, dersom dei blir gode nok, selt vidare til FK Haugesund, som dei delar stadion med. Dei satsar ikkje berre på unge spelarar, men også trenarar. Knut Foldøy er førstelagstrenar sjølv om han fortsatt er tidleg i 30-åra. Vard er ein fin og fornuftig klubb som er med på å utvikle og drive fotball-Noreg framover.
Det har hittil vore ein svært skuffande sesong for laget frå Rogaland. Dei ligg klart sist på tabellen med 8 poeng, og har berre vunne 2 kampar. Dei har verst målforskjell med -16, har scora minst mål i ligaen og slept inn tredje mest. Dei vart av mange tippa å hamne langt nede på tabellen, men at dei skulle bli så klare nedrykksfavorittar har vore litt overraskande. I ei superjamn avdeling er dei laget med flest poeng til nestemann (6 poeng), og har heile 7 poeng opp til trygg grunn. Førre kamp enda i eit 2-1-tap for Brattvåg, og dersom dei skal ha håp om å overleve så må dei byrje å ta poeng snarast. Hødd møter altså eit poengdesperat lag.
Spelarprofilar på Vard Haugesund
![](https://www.hodd.no/nyheiter/preview-vard-haugesund-hodd/_/image/72165fb6-ac63-4ada-8a52-a38669d7ba01:facb9f788aa0ac6a8991391d2799aac3776c8bc0/width-800/Forventa-lagoppstilling_VARD.jpg)
Keeper Thomas Kinn er svært god, så god at han tidlegare har vore på prøvespel i blant anna Saint Etienne og Aston Villa. Han vart også nominert til årets talent i 2. divisjon i fjor. Kaptein Erlend Drivenes er inne i sin sjuande sesong for Vard, og er lagets kaptein. Han er rutinert og er ein god midtstoppar. Makkeren hans, Arent-Emil Hauge, er på lån frå storebror Haugesund og er ein svært ballsikker spelar som også kan spele på den defensive midtbana. Høgreback Sander Deilkås får med seg bror, Fredrik, på høgresida. Dei har naturlegvis god kjemi, og er begge intense, kjappe og driblesterke i spelestilen. På den andre backen har mange fått speltid for Vard denne sesongen, men det kan sjå ut som om Martin Nordtveit får starte mot oss.
På midtbana er Thore Baardsen Pedersen generalen på midtbana, ein spelar som spelte svært bra mot oss i 0-0-kampen tidlegare i år. Han liknar på Sergio Busquets i spelestilen, og ein må ikkje la han få kontrollere kampen. Han får Tom Undheim og Jørgen Voilås med seg, to rimeleg gode spelarar på dette nivået. På venstrekanten tek Andreas Ulland Andersen, broren til tidlegare Hødd-spelar Eirik, plass. Han har blitt skildra som Noregs beste på dødballar, så dette vert noko ein må passe på å unngå mest mogleg. Det blir viktig å ikkje la han få skotmoglegheiter nærmare enn 25 meter frå målet. På topp finn vi Oddbjørn Skartun som tidlegare har spelt på det øvste nivået i Noreg. Han har berre scora 3 mål hittil i sesongen, men han er ein typisk goalgetter som alltids kan dukke opp framfor mål.
Om kampen
Etter det sure tapet mot Nardo for to veker sidan, så var vi tilbake på vinnarsporet mot Stjørdals/Blink. Vi leverte ein svært bra 1. omgang, men ein litt ”svakare” 2. omgang. Vard på si side tapte 2-1 mot Brattvåg og kjem til å vere svært lystne på poeng frå denne kampen. Då vi møttest i april tidlegare i år, så klarte Vard å stenge av rom og frustrere oss. I tillegg burde vi utnytta sjansane vi fekk i kampen. Klarer vi å halde fram med det same spelet som i 1. omgangen frå kampen mot Blink, så bør dette gå vegen. Vard er i ein desperat situasjon og er i poengnød, noko som kan gjere at dei hevar nivået og innsatsen. Ein skal difor verkeleg ikkje ta lett på denne kampen. Vi satsar på at gutane utøvar ein profesjonell kamp som endar med 3 poeng heim att til Ulsteinvik. Heia Hødd!
Korleis kan eg sjå eller følgje kampen live?
Vi håper dei som er i området tek turen på kamp å støttar dei blåkvite til 3 poeng!
Kampen blir også streama på Sunnmørsposten og Vikebladet for dei som ikkje har anledning til å ta turen til Høddvoll.
KAMPFAKTA
-
POSTNORD-LIGAEN 2018 AVD. 2
-
HAUGESUND STADION
-
11.08.2018 KL. 14:00