Rekrutt møter Stryn

Hødd 2 tek imot Stryn på Høddvoll fredag kl. 19.00.

Om du ikkje får tatt turen til Høddvoll, kan du streame kampen her!

Rekruttlaget har så langt i oppkøyringa spelt to kampar. Fyrst 2-1-siger mot Herd (4. divisjon) og deretter 2-0-siger mot Hasundgot (5. divisjon).

I mars skal rekruttlaget møte Spjelkavik frå NT-ligaen, Eid frå 4. divisjon og Ørsta frå 4. divisjon. Seriestart i 4. divisjon er 11. april, og då er motstandar Rollon.

Fleire rekruttspelarar har også vore i aksjon for G19 i kvalik til NM-cupen. Her vann Hødd gruppa etter sigrar mot SIF/Hessa (2-0), Bergsøy (3-1), Langevåg (5-0) og Spjelkavik (4-1).

Annonse fra Obos-ligaen: