Robin Hjelmeseth har signert ny toårsavtale

Robin Hjelmeseth har signert ei ny kontrakt med Hødd som strekkjer seg ut 2026-sesongen!

Toppscoraren blir ein viktig leiarskikkelse i gruppa no når laget skal utvikle seg og ta nye steg i OBOS-ligaen.

Hovudtrenar Marius Bøe seier dette i ein kommentar:

- Veldig fornøgde med å ha re-signert Robin for to nye år. Han er ein god spelar, vår toppscorar og ein av leiarane i gruppa vår. Han har god erfaring og referanse på kva som må til for å utvikle seg som både spelar og menneske. Robin har i tillegg vore viktig i måten vi har utvikla spelkonseptet vårt.

Robin sjølv er glad for å fortsette i Hødd:

- Eg er veldig glad for å ha forlenga kontrakta med to nye år. Det er mykje spennande som skjer i klubben og det er svært givande og kjekt for meg å vere med å utvikle dette prosjektet vidare. Hødd betyr mykje og eg er takknemleg som får moglegheita til å fortsette vidare i barndomsklubben min.

Sportssjef Jesper Törnqvist seier dette i ein kommentar:

- Robin har vore ein viktig bidragsytar både på og utanfor i sesongen 2024 og vi er veldig glade for å ha Robin med vidare. Robin går mot 300 kampar i klubben, og står for kontinuitet og er ein referanse for våre unge spelarar.

Vi gratulerer Robin med ny toårskontrakt!

Annonse fra Obos-ligaen: