Ronny: - Eg forventar eit tett oppgjer med stor underhaldningsverdi

Ronny Osnes seier dette før kampen mot KBK laurdag!

Laurdag spelar A-lag damer årets siste kamp i Fylkesserien når KBK gjestar Høddvoll. Ronny Osnes er klar for å revansjere tapet i bortekampen mot KBK og trur det er stor motivasjon i spelargruppa til å slå tilbake!

- Då er vi inne i siste kampveka før slitne bein, og haud får litt kvile og puste på ei stund. Damelaget har KBK i siste serierunde i helga, og finalen i Sunnmørsposten Cup komande onsdag. Vi førebur oss mot begge desse, men det første først. KBK har vist seg som eit robust lag med fysikk, duellspel og innsats oppunder taket som største kjenneteikn. I forrige kamp vart vi takla av bana, for å seie det mildt – så jentene har nok ikkje problem med motivasjonen til denne kampen. KBK vann då 2-1 i ein tett kamp, der vi meinte at sjansemessig var vi minst på høgde og burde tatt med oss poeng.

- Vi skal gå til kampen med innstilling til å minst matche det KBK er gode på, og samtidig bruke våre styrkar med ballen i laget. Forrige oppgjer hadde vi berre 13 spelarar med oss, medan i denne kampen har vi ei brei og god tropp som skal brukast godt. 

- Dommarane vi har her på Sunnmøre er betre på dialog og har høgre forståing av at ei av oppgåvene er å beskytte spelarane mot stygge skader,  så ein kamp som er heilt Texas trur eg ikkje på denne gongen. Kanskje ikkje heilt Brasil heller, men la oss gå for noko midt i mellom som til dømes Chile eller Uruguay.

- Eg forventar eit tett oppgjer med stor underhaldningsverdi for publikum. Så legg helgehandelen eller hytteturen til før eller etter Hødd-kamp, og sjekk ut stoda til våre beste jenter!

Ta turen til Høddvoll og støtt A-lag damer! Kampstart kl. 14.00.

Viste du at kampen også blir streama på TV2Play igjennom MyGame og at klubben mottek 20% av inntektene om du vel Hødd som favorittklubb?

Gå inn her for å sjå kampen direkte på TV2Play!

Vi ønsker laget masse lukke til i kampen mot KBK!

Annonse: