Ronny: - Ei turnering vi har veldig lyst å vinne

Dette seier Ronny før cupkampen mot HaNo!

Tysdag kveld spelar damelaget semifinale i Sunnmørsposten Cup mot HaNo!

Hovudtrenar Ronny Osnes håper mange tek turen til Høddvoll og støtta laget i kampen om finaleplass i turneringa.

- Denne kampen gir eit avbrekk i kampkvardagen, sidan det er semifinale i Sunnmørsposten Cup. Det har vore mykje «adm» sidan vi måtte omberamme kampen frå laurdag grunna sjukdom hos bortelaget. Dette cupspelet er nytt av året, og vi har ikkje heilt blitt kloke på reglane – men vi trur at gjestane får starte med eit straffespark grunna «divisjonsforskjell». Vi er usikre fordi vi begge er i 3. divisjon, men vi spelar Fylkesserie. Uansett eit lite spenningsmoment.

- Dei innleiande kampane i Sunnmørsposten Cup vart spelt i «pre-season». Då slo vi Aksla/Guard, Sykkylven og Volda, og kvalifiserte oss dermed til denne kampen. Det er ein kamp og ei turnering vi har veldig lyst å vinne, så vi skal gå ut med full fyr og bånn gass. Håper mange publikummarar er svoltne på Hødd-kamp på stadion og tek turen!

Vi ønsker Ronny og laget lukke til i dagens kamp!

 

Annonse: