
Ronny: - Forventar eit topptent Høddlag
Ronny Osnes seier dette før kampen mot AaFK Fortuna 2 søndag! A-lag damer
Søndag spelar damelaget heimekamp mot AaFK Fortuna 2 i Sunnmørsposten Cup. Med siger vil Hødd ta eit langt steg mot vidare spel i turneringa, og sette seg i ein god posisjon med tanke på å forsvare tittelen frå i fjor.
Hovudtrenar Ronny Osnes seier laget er ute etter å forsvare tittelen og behalde vandrepokalen på Høddvoll.
- Andre kamp i gruppespelet og sannsynlegvis ein slags finale om å gå vidare i Sunnmørsposten Cup står på programmet. Som regjerande meister, så er vi sjølvsagt ute etter å forsvare og behalde vandrepokalen på Høddvoll. Som en kuriositet kan det seiast at vi skal spele bortekamp på heimebane! Det vart slik grunna AaFK er på helgetur og ønska å spele kampen på turen heim, og derfor vart den omberamma til Høddvoll. Vi tek imot den!

Han seier vidare at laget har fått gjennomført gode treningar i det siste, og ser fram til å måle krefter mot AaFK Fortuna 2 søndag.
- Kamp mot AaFK er ein god test for å få svar på «korleis landet ligger». Desse kampane er jamne og energifylte, og det forventar vi også i morgon. Vi har trena godt med høg intensitet og belastning i vekene sidan oppstart, og kvaliteten har vore god. Siste veka har vi fått jobba godt med spelestil og her fekk vi ei svært god økt på kampen mot Hasundgot sist tysdag, og vi er fornøgde med at vi såg mykje av det vi har jobba med i den kampen.
- Eg forventar eit topptent Høddlag som byr opp til dans, og er klar for å vinne krigen mot dei oransje. Det blir tøffe duellar og mange kilometer som må leggast ned. Entusiasmen kjem til å vere i taket, og konsentrasjon i viktige fasar vil bli avgjerande. Vi satsar på at det beste heimelaget står igjen som vinnar etter kampen – altså det heimelaget med blå drakter!
Ta turen til Høddvoll og støtt damelaget søndag! Kampstart kl. 14.00.
Vi ønsker laget masse lukke til i kampen mot AaFK Fortuna 2!