
Ronny: - Klar for å klinke til i serien
Hovudtrenar Ronny Osnes er klar for årets første heimekamp i Fylkesserien. A-lag damer
Då har det vore ei innhaldsrik periode for oss, før vi no spelar årets første seriekamp heime. Vi serieåpna med ein fin 3-1 seier borte mot KBK. Deretter har vi vore på ein flott og styrkande treningsleir i Tyrkia, så no er vi klar for å klinke til i serien her heime.
Kampane mot Volda blir ofte eller alltid, tette og jamne oppgjer. Det såg vi mellom anna i forrige oppgjer – gruppespelskampen i Sunnmørsposten Cup, der vi låg under 0-2 plutselig. Så snudde vi kampen i andre omgang og vann 3-2. Men dette er nokre veker sidan no.
Eg forventer at vi har mest ball i kampen, og må bryte ned Volda-forsvaret. Medan Volda kan straffe oss på kontringar, eller dødball. No har forsvaret vårt vore dønn solide dei siste kampane og har slept til lite sjansar for mostandarane våre. Så desse ferdigheitene må vi ta med, og bygge vidare på.
Vi har skapt mykje dei siste kampane og hatt bra uttelling i målprotokollen. Laget vårt kan løyse kampane sine utfordringar på forskjellige måtar, og eg forventar at vi tek denne utfordringa også.
Håper mange tek turen, og får følge dette derbyet frå tribuneplass. Så skal vi gjere vårt ytterste for å gjere ein god prestasjon og at poenga blir verande her på Høddvoll.