Ronny: - Må mobilisere kampviljen som ligg i gruppa

Dette seier Ronny før kampen mot Molde 2!

Etter tap i første kamp mot AaFK Fortuna 2 i Fylkesserien er Ronny klar på at laget kan slå tilbake i borteoppgjeret mot AaFK Fortuna 2 seinare i haust.

- Eg syns vi starta kampen litt forsiktig og ukonsentrerte. Det førte til litt enkle mål imot, sjølv om det var gode prestasjonar frå dei. Utover kampen spelte vi oss inni det, og Sandra reduserte med ei flott scoring. Då la vi om til scenario-spel for å skape situasjonar framføre AaFK-målet og vi kunne fått med oss poeng til slutt. Vi vart veldig opne og sårbare for kontringar, så sjansemessig var nok motstandaren skarpast denne gongen. Men det er jamne kampar mot AaFK og det er mogleg å ta igjen til dømes i neste interne oppgjer – så det må vere full fyr i kampane framover.

Hovudtrenar Ronny Osnes. Foto Arne Flatin
Hovudtrenar Ronny Osnes. Foto Arne Flatin

Han seier laget kan lære mykje frå kampen og at ein må opptre slik som ein har gjort tidlegare i sesongen, og krydre dette med entusiasme og speleglede om ein ønsker å få med seg eit gode resultat frå kampane i Fylkesserien.

- Vi må først og fremst gå ut tøffare frå start i kampen, og starte kampen godt. Vi må også tore å spele vårt spel og bruke ballen godt. Samtidig må vi vere konsentrerte bakover og nøyaktige med variasjon i angrepsspelet. Hovudsakleg må vi altså opptre slik vi stort sett har gjort denne sesongen, og krydre dette med entusiasme og speleglede.

Han er også klar på at laget må ha mest fokus på seg sjølve.

- Det vil bli spennande å sjå kva lag Molde mønstrar mot oss. Mot KBK spelte mellom anna vår tidlegare medspelar Mia Nygård, som har vore periodevis ute med skader denne sesongen. Vi må uansett ha mest fokus på det vi kan gjere noko med, nemleg kampstrategi, arbeidsoppgåver og førebuingane. Så må vi gå for ein god prestasjon, så vil resultatet kome som ein konsekvens av dette.

Når vi er inne på førebuingane og treningsveka inn mot kampen er han ikkje like godt fornøgde.

- Det er ikkje å legge skjul på at treningsvekene ikkje våre har vore optimale til no. 2006-modellane er i Tafjordfjella med UVS denne veka, så dei er ikkje på trening før den kampførebuande økta og forhåpentlegvis ikkje heilt utslitne bein. Så mot Molde må vi også mobilisere kampviljen som ligg i gruppa og gå all in får å få med eit resultat heimover. Og det er sjølvsagt fullt mogleg!

Vi ønsker Ronny og laget lukke til i kampen mot Molde 2 søndag!

Annonse: