Ronny: - Vi treng eit godt resultat

Vi har tatt oss ein prat med hovudtrenar for A-lag damer, Ronny Osnes før laget møter KBK borte søndag.

*Denne artikkelen vart først publisert i Hødd avisa 12.09.2024.

Tysdag kvalifiserte laget seg til finalen i Sunnmørsposten Cup etter å ha vunne heile 9-0 mot HaNo på heimebane. Etter eit lite avbrekk med cupkamp er det no klart for ny kamp i Fylkesserien borte mot KBK søndag.

- Det går slag i slag no! Tysdag kvalifiserte vi oss til finalen i Sunnmørsposten Cup og no til helga ruller seriespelet vidare og kamp mot KBK. Vi har analysert truslar og moglegheiter, så må vi gjennomføre på best mogleg vis.

Ronny seier laget skal bite godt frå seg sjølv om laget manglar nokre spelarar grunna konfirmasjonshelg.

- Det er konfirmasjonshelg i Ulstein så vi er litt tynnare tropp enn vanleg, så kampen kan bli ei kraftprøve - men ei prøve vi satsar på å få toppkarakter i. KBK var eit god lag forrige haust og då tok vi ein 3-poengar kvar. 

Han er også klar på at laget treng eit godt resultat mot KBK, og at laget framleis har gode sjansar til å klare kvalik om opprykk.

- No når vi har kome igong med haustsesongen, ser vi at mange har spelt seg i god form og vi håper også vi er ferdig med sjukdom i laget for hausten. Vi treng eit godt resultat, for det er pr no bra sjansar for å kome seg til kvalik om opprykk. 

Laget har også styrka seg i sommar med Malene Auberg Nesset (Hareid) og tidlegare Hødd-spelar Johanne Helvig som no er klar for å bidra i Hødd-drakta igjen.

Vi ønsker Ronny og laget lukke til i bortekampen mot KBK søndag!

Annonse: