Ronny: - Viktig å vere effektive og sette sjansane

Ronny Osnes seier dette før bortekampen mot Herd onsdag!

Onsdag spelar damelaget bortekamp mot Herd i Fylkesserien. Hødd har hatt eit bra grep på Herd i årets sesong, og hovudtrenar Ronny Osnes er klar på at laget skal jakte nye 3 poeng onsdag kveld.

- Då er vi tilbake i kampmodus etter ei lita periode med kampfrie helger. No i siste vekene på kampsesongen står Herd, KBK og Herd igjen på programmet. Onsdag har vi seriekamp mot Herd borte. Herd er kampar som har vore jamne i oppgjera tidlegare i år. Desse kampane har vi vunne med knapp margin, så vi går for det også denne gongen.

- Vi treng sigrar for å henge med i kampen om tredjeplassen og mogleg spel om 2. divisjon i 2025. AaFK 2 har vunne Fylkesserien, men er avhengig av at førstelaget tek steget opp i Toppserien. På andreplass ligg Molde 2, og desse kan ikkje rykke opp fordi reglane seier det må vere ein divisjon mellom første- og andrelag til klubbane.

- Herd borte er tøffe utfordringar, og rapportane seier at dei er sterkare no enn tidlegare i haust. Eg trur vi kan forvente ein fysisk kamp og vi må tørre å bruke ballen og matche dei på fysikk og duellspel. Det blir også viktig å vere effektive og sette sjansane vi vil få og vere dominante i eige boksspel. Spennande blir det!

Viste du at kampen blir streama på TV2Play igjennom MyGame og at klubben mottek 20% av inntektene om du vel Hødd som favorittklubb?

Gå inn her for å sjå kampen direkte på TV2Play!

Vi ønsker laget masse lukke til i bortekampen mot Herd!

Annonse: