Siri: - Vi må jobbe hardt både offensivt og defensivt

Det enda dessverre med tap i første kamp i Fylkesserien, men no er laget klare for å slå tilbake mot Molde 2 søndag!

Hødd kom tidleg under med 0-2 mot AaFK Fortuna 2, og utgangspunktet for å få med seg eit godt resultat var derfor vanskeleg. Sjølv om Hødd kom meir og meir med i kampen og reduserte til 1-2 i sluttminutta, så klarte ikkje laget å score fleire mål i kampen. Kampen enda derfor med tap i første kamp i Fylkesserien.

Hødd sitt mål vart scora av Sandra Gustavsen.

Søndag skal laget spele borte mot Molde 2 i det som kan bli nok ein tøff kamp i Fylkesserien. Molde 2 vann sin første kamp med heile 5-0 over Kristiansund BK, der blant anna tidlegare Hødd-spelar Mia Nygård var på bana for Moldensarane.

Vi har i forkant av kampen mot Molde 2 derfor tatt oss ein prat med Siri Eliassen Aske.

Det vart dessverre tap mot AaFK Fortuna 2 i første kamp i Fylkesserien. Korleis var kampen?

- Ja, dessverre vart det tap mot eit veldig godt lag, der vi starta kampen med to kjappe baklengsmål etter nokre feil av oss. Vi klare å omstille oss etter dette og sleppe ikkje inn fleire mål i kampen. Vi sleit litt i enkelte situasjonar, men løyse det godt. Alt i alt spelar ikkje vi ein særleg god kamp og får ikkje heilt til det vi har øvd på. Til tider i kampen spelar vi fin fotball, og får ei flotte scoring av Sandra mot slutten av kampen. Vi får ta med oss det positive og lære av feila våre inn til neste kamp.

Kva kan ein lære av denne kampen og ta med seg inn i kampen mot Molde 2 søndag?

- Det blir viktig å starte kampen frå starten av og prøve å få til slik vi ønsker å spele. Får vi til det er vi gode. Vi må vere på frå start til slutt og vere nøyaktige, noko som vi ikkje meistra like godt i førre kamp.

Molde 2 vann stort mot KBK i første kampen, og det er venta å bli ein tøff bortekamp for Hødd søndag. Kva blir viktig i denne kampen med tanke på å få med seg eit godt resultat heim til Ulsteinvik?

- Ja, dei vann stort sin første kamp i Fylkesserien og det blir spennande å sjå med tanke på at vi ikkje har spelt mot dei tidlegare i år. Uansett blir det nok ein tøff kamp der vi må jobbe hardt både offensivt og defensivt. Som sagt må vi starte kampen, og prøve å spele slik vi ønsker og vere fokuserte.

Har treningsveka våre god og er laget klare for kamp søndag?

- Treningsveka har vår grei, til tross for at halve troppa har våre vekke på tur. Vi har ei kampførebuande økt no på laurdag der vi skal finpusse dei siste detaljane inn mot kampen. Vi skal gjere vårt for å få med oss 3 poeng heim til Ulsteinvik!

Vi ønsker Siri og laget lukke til i kampen mot Molde 2 søndag!

Annonse: