Spelar med nesten 40 Eliteserie-kampar klar for Hødd
Sondre Fosnæss Hanssen har signert for Hødd ut 2026-sesongen! Foto: Strømsgodset Toppfotball
Sondre kjem frå Godset-systemet og har nesten 40 Eliteserie-kampar for laget frå Drammen. Han skreiv si første profesjonelle kontrakt som 15-åring, og slo skikkeleg igjennom for Strømsgodset i 2020-sesongen. I haust spelte han for Levanger i OBOS-ligaen.
Hovudtrenar Marius Bøe seier dette i ein kommentar:
- 23 år gamal midtstoppar, Eliteserie erfaring med 37 kampar, og skulert gjennom toppklubben Strømsgodset. Samtidig så tikka Sondre av på tre ekstremt viktige parameter. Den menneskelege delen i form av riktige verdiar, han er ambisiøs, vil opp og fram, og han har ferdigheiter vi meina er viktig i rolla som midtstoppar i Hødd. Hurtig, kraft og ballsikker.
- Han vil kome inn i eit utviklingsmiljø der, vi kvar dag jobba for å bli betre, både individuelt, relasjonelt og strukturelt. Han vil vere ein påfyller i miljøet vårt, erfaring, referanse og forståing for kva som må til for å spele på det høgste nivået i Norge. Velkomen til Ulsteinvik.
Sondre ser fram til å utvikle seg vidare i ein klubb med klare ambisjonar:
- Eg er utruleg fornøgd med å ha signert for Hødd. Det er ein fantastisk følelse å bli ein del av ein klubb som både har klare ambisjonar og eit profesjonelt miljø som gir meg moglegheita til å utvikle meg vidare som spelar.
- Frå første møte med klubben fekk e gein god følelse både for miljøet og klubben. Eg opplevde raskt at dette er ein stad der det blir jobba målretta og med ein klar retning for framtida. Klubben er ambisiøs, noko som matcha mine eigne mål og drivkraft. Det er ei ung og svolten spelargruppa, og saman med trenarteamet er eg trygg på at vi kan jobbe godt for å oppnå resultata.
- Eg ser verkeleg fram til å kome i gang, og blir kjent med laget og støtteapparatet.
- No handla det om å jobbe hardt, bidra til laget og bygge vidare på årets følelse og resultat. Eg er motivert og spent på det som venta, og eg er sikker på at dette er ein stad der eg kan ta nye steg som spelar. Gleda meg til å kome i gang!
Sportssjef Jesper Törnqvist seier dette i ein kommentar:
- At vi som klubb er attraktive for ein spelar som Sondre er veldig kjekt og viser at det som har blitt gjort nede i garderoben på Høddvoll den siste tida gir ringverknadar. Ein spelar med sine beste år framfor seg som etter gjennombrotet i Eliteserien med Strømsgodset har hatt ein litt tyngre periode satt ut av long-covid. Saman skal vi no jobbe knallhardt for å få det beste ut av kvarandre. Velkomen til Hødd, Sondre!
Vi ønsker Sondre velkomen til Hødd!