Storkamp i første kamp i Fylkesserien

Fylkesserien starta søndag, og på motsatt banehalvdel står AaFK Fortuna 2 i det som er venta å bli eit tøft og jamnt oppgjer mellom laga.

Søndag skal begge seniorlaga i aksjon. Herrelaget kl. 14.00 og damelaget kl.17.00. Ein skikkeleg supersøndag på Høddvoll!

Hødd gjennomførte ein solid vårsesong og sikra seg plass i Fylkesserien etter ein flott 2. plass, 5 poeng bak søndagens motstandar AaFK Fortuna 2. 

I begge oppgjera mellom laga i vår var det jamne kampar der laget frå Ålesund vann med to måls margin i begge kampane. På Høddvoll vart det 0-2 tap og på Color Line Stadion vart det 3-1 tap for Hødd-damene. Men no er det nye sjansar mot AaFK Fortuna 2, og kanskje er det Hødd som kjem sigrande ut av søndagens duell.

Hovudtrenar Ronny Osnes har tidlegare uttalt at målet må vere å kjempe i toppen av Fylkesserien, og då takka han sikkert ikkje nei til å starte Fylkesserien med 3 poeng søndag.

Ronny deler sine tankar før Fylkesserien blir sparka i gang på Høddvoll førstkomande søndag.

- Sommaren har vore god! Vi var på fellestrening saman til midten av juli, og deretter hadde spelarane ferie eller aktiv avkoplingsperiode, som det heiter på fotballspråket. I denne perioden vart det trena godt, og dette vart dokumentert av spelarane. Gruppa følgde opplegg frå fysisk trenar, og dette inneheldt både kondisjon og styrke.

- I friperioden hadde vi tre spelarar på hopsitering med Lyn sitt rekruttlag, som spelar i 2. divisjon. Amanda, Siri Teige og Siri Aske fekk hauste nye erfaringar og referansar på eit høgre nivå. Amalie Vik var på prøvespel med Hamkam, som kjempar om opprykk til 1. divisjon og Amalie bytter klubb og dreg til Hamar etter AaFK-kampen til helga. For oss trenarar var det kjekt å sjå at spelarane våre heldt nivået og også var minst like gode på fokusområde vi har hatt i Hødd, som til dømes skanning (orientering). 

- Det er ikkje berre Amalie som reiser til nye utfordringar. Keeper Mathea Loe Selbervik, som i fjor var i troppa når Sunnmørsposten kåra årets lag i 3. div. Det betyr at Hødd har levert frå seg 8 spelarar til lag på høgre nivå i norsk fotball – noko som klubben har som målsetting.

- Fylkesserien startar med storoppgjer på heimebane mot AaFK Fortuna, og sesongen blir faktisk lengre enn A-herre sin sesong. Vi kan forvente mange jamne kampar, og vi satsa på vi held fram trenden frå i vår der vi avgjorde mange kampar siste kvarteret.

- Førebuingane i sommar har vore gode, som nemnt. Starten på ny pre-season har vore mindre bra då vi har mangla spelarar som har vore på familieferiar, vore opptekne med jobb og liknande. Vi har også hatt nokre småskader, men desse er nokolunde under kontroll. Vi har mista Anna Maria Bitocchi inntil vidare, sidan ho var uheldig og braut kragebeinet under Norway Cup der J16-laget vårt gjorde ein god innsats. Vi har gjort ein jobb med å forsterke oss, og Thea Ertesvåg gjer eit comeback i haust som ledd i spele seg i form etter langvarig skade. Det er også mogleg vi kan få nokre til inn. Noko som er bra, sidan troppa vår er litt tynn. Målsetting er noko spelargruppa vil diskutere no når alle er tilbake, men eg reknar med dei ønsker å kjempe i toppen.

Vi ønsker Ronny og damelaget lukke til i kampen mot AaFK Fortuna 2 søndag!

Annonse: