![](/nyheiter/sverre-hjelle-okland-akademileiar-og-spelar-i-2023-sesongen/_/image/01ed8f9a-49ad-49e9-b43a-363ed23c8b5a:5de4c63f96e89e48bdcd9dc0c426d2c632b4b467/wide-1600-900/241983265_4487141164682795_655400617778704447_n.jpg)
Sverre Hjelle Økland Akademileiar og spelar i 2023-sesongen
Sverre Hjelle Økland har signert ein ny kontrakt med Hødd som strekkjer seg ut 2023-sesongen.
I tillegg til å spele på A-laget blir også Sverre Akademileiar og hovudtrenar for G19 det komande året.
Sportssjef Jesper Törnqvist seier klubben er glade for å få med Sverre vidare.
- Vi er veldig glade for å få med den dyktige fotballmannen Sverre med vidare. Han skal i 2023 kombinere ei større stilling i Akademiet og vere spelar på A-laget. Rutinen, kunnskapen og mykje av det vi ynskjer å stå for som klubb gjenspeilast i Sverre!
Meir informasjon om Akademiet som heilheit kjem veka etter nyttår.
Vi gratulerer Sverre med ny kontrakt og ynskjer han lykke til i rolla som Akademileiar!