Takk for innsatsen i Hødd - Ola

Vi ynskjer Ola lykke til med nye utfordringar!

Ola har signert ein treårskontrakt med Åsane og vil derfor slutte seg til laget frå Bergen på nyåret. Med Hødd og Åsane i OBOS-ligaen, så vil Ola bli å sjå på Høddvoll også i år, men då i Åsane-drakt når laget frå Bergen kjem på besøk til Høddvoll i april.

Ola takkar for tida han har hatt i Hødd:

- Det er trist at mi reise i Hødd er over for denne gong. Eg har bestemt meg for å fortsette fotballreisa i ein ny klubb i ein ny by. Dette er eit val som har vore forferdeleg vanskeleg, fordi denne klubben har gitt meg alt. Det blir rart å forlate Hødd, og dei beste lagkameratane eg kunne ønska meg. Har fått kompisar og minner for livet, og vil sjå tilbake på tida mi i Hødd med utelukkande gode minner med heilt fantastiske folk i og rundt klubben.

- Har gått gradene i Hødd og møtt mange fantastiske menneskjer som alltid vil ha ein plass i hjartet mitt. Vil rette ein takk til alle som har bidrege til at eventyret i Hødd har blitt så bra som det har våre.

- Det er noko spesielt med Hødd, den lidenskapen folk i og rundt dette laget er noko som ein ikkje finn andre plassar, noko som gjer det ekstra vanskeleg å forlate klubben. Hødd har vore med å forma meg som person, og det vil eg alltid være takknemleg for, og en gang i framtida er eg sikker på at vi sjåast igjen. Takk for alt!

Sportssjef Jesper Törnqvist seier klubben hadde eit stort ønske om å ha med Ola vidare:
- Ola har hatt ein formidabel reise med oss frå ein outsider til ein solid spelar klar for OBOS! Hardt arbeid, gode trenarar og medspelarar, og ein vilje av stål har forma han til ein meir komplett spelar. Dessverre ønska Ola noko anna no og vi får ynskje han lykke til vidare på reisa.
 

Hødd Fotball ynskjer å takke Ola for innsatsen i Hødd-drakta og ynskjer han lykke til vidare.

Annonse: