Tare Cup 2022
Vi ser fram til å ønske alle lag velkomne til Sparebanken Møre Arena når Tare Cup blir arrangert denne helga!
I samarbeid med Generalsponsor Sparebanken Møre ønsker vi liten og stor velkomne til fotballfest i Sparebanken Møre Arena i Ålesund. Det er i år rekordpåmelding til årets Tare Cup.
Ca. 1 600 spelarar fordelt på 223 lag frå 42 klubbar skal i aksjon denne helga.
- Vi ønsker å takke alle klubbar og lag som har meldt seg på årets Tare Cup. Veldig gledeleg med rekordpåmelding til årets turnering. 421 kampar skal gjennomførast fordelt på laurdag og søndag, og dei første kampane vil starte kl. 09.00 og dei siste vil gå rundt 18.30 begge dagane.
- Det er også venta rundt 10 000 personar i hallen denne helga. Veldig kjekt for oss som arrangør å legge til rette for så stor aktivitet for så mange barn, seier turneringsansvarleg André Aurvåg Gardshol i IL Hødd Fotball.
- Kampar laurdag og søndag 09.00 – 18.30
- Intersport stand med flotte Puma produkt
- Testing av skotfot med skotradar
- Kiosk
- Utdeling av premie frå Sparebanken Møre og Hødd
- Eige område for lagfoto
I tillegg til alt som skjer i hallen, så vil også vår trufaste maskot Tare vere til stades under turneringa.