Terminlista klar for Fylkesserien
Onsdag kom oppsettet for Fylkesserien der Hødd sitt damelag skal ut å jakte opprykk til 2. divisjon. A-lag damer
Damelaget starta Fylkesserien heime på Høddvoll mot AaFK Fortuna 2, søndag 18. august. Etter det venta det bortekamp mot Molde helga etter.
Det skal spelast dobbelt serie der laga skal spele mot kvarandre både heime og borte. Vinnaren av Fylkesserien skal møte vinnaren av 3. divisjon Hordaland i kampen om opprykk.
Vinnaren av desse oppgjera spelar opprykksfinale mot vinnaren frå Trøndelag/ Nord-Norge.
Det kan derfor bli ein spennande haust for damelaget når dei skal ut å jakte opprykk til 2. divisjon.
I tillegg til Fylkesserien skal også laget spele semifinale i Sunnmørsposten Cup mot HaNo 7. september.
Vi ønskjer damelaget lukke til i kampane til hausten!