Til Tyrkia på treningsleir

Hødd sitt damelag reiser førstkomande helg på treningsleir til Tyrkia. Vi har tatt oss ein prat med hovudtrenar Ronny Osnes før laget reiser fredag.

Damelaget er godt i gang med oppkøyringa til ny sesong. No ventar ein treningsleir i Tyrkia i varmare strøk der laget skal finpusse forma før seriestart. 

Laget reiser til Oslo fredag og vidare til Tyrkia laurdag morgon - med retur helga etter. 

Etter rapportane har laget trena godt i vinter og trenarteamet har fått gode svar under treningskampane. I den siste testen og treninga før avreise kan også hovudtrenar Ronny Osnes melde om god framgang på den fysiske testen. 

- Vi har hatt ei ganske tøff oppkøyring både med tanke på mykje kampar og treningar. Sjølv om belastninga har vore stor, så har vi fått greie svar under treningskampane. Det har også vore viktig at gruppa har klart å halde seg stort sett både sjukdoms- og skadefrie. Det betyr mykje for kvaliteten og kontinuiteten i treningsarbeidet sjølvsagt.

Laget har også delteke i både NM-kvalifisering for J19 og Sunnmørsposten Cup i vinter. Sistnemnte vart laget gruppevinnar og er derfor klare for semifinale til hausten.

- Kampane har vore gode og med bra kvalitet, og vi har fått øve på å score mykje mål. Det er også noko vi har blitt betre på så langt, samanlikna med førre sesong. Kampane i vinter har vore «to-fasa», der dei første var NM-kvalifisering for J19. Dessverre klarte vi ikkje kvalifisere oss, der gruppefinalen mot Blindheim enda med tap 0-1. Vi måtte vinne denne kampen og dei fekk scoring imot på slutten, når vi måtte gamble og jage scoringa vi trengte.

- For damelaget sin del vart det tre sigrar i Sunnmørsposten Cup mot Aksla, Sykkylven og Volda, og dermed vann vi gruppa og er kvalifisert til semifinale til hausten. 

Bileteserie Sunnmørsposten Cup

Trenarteamet sine forventningar til sesongen er ein sterkare kultur.

- Trenarteamet si forventning for sesongen er ein sterkare kultur og forståing av kva som skal til for å ta steget vidare til høgre nivå. Det må skje både individuelt og som ein del av laget. Dette betyr igjen prioritering med tanke på eigenutvikling og kvalitet. Vi må også jobbe med spelarane for å utvikle kvar enkelt både på kort og lengre perspektiv i sesongen. 

Treningsleiren går i Antalya-provinsen i sørvest - ca. 1 time køyring frå Gold City og her vil laget ha gode treningsforhold heile veka. Ronny seier treningsleiren kjem perfekt med tanke på seriestart.

- Det er sesongstart rett etter påske, og treningsleiren i Tyrkia blir dei siste førebuingane til denne. Så her skal det jobbast godt på feltet og så blir denne leiren også viktig for å komme litt tettare saman, styrke samhaldet og kulturen vår. Spelestilen skal også finpussast sjølv om denne må jobbast med og justerast langs med i løpet av sesongen. Vi tenker at treningsleiren kjem perfekt med tanke på seriestart, så sportsleg og sosialt vil det gi oss en boost. Og så er fleire av oss fans av sol og varme, enn vind og blest – vi gler oss altså! Tipper det blir gode moglegheiter å følge med på sosiale media.

Det er også planlagd ein treningskamp under opphaldet i Tyrkia. Her skal Hødd møte det Islandske laget Einherji onsdag 27. mars kl. 13.00. 

Andre lag som er på treningsleir i området er Tromsdalen, Sotra og Blindheim.

Vi ønskjer damelaget lykke til på treningsleir!

Annonse: