Tine Fotballskule og OBOS-Camp i sommarferien
Hødd Fotball inviterer gutar og jenter til fotballskule i sommarferien!
Bli med på fotballskule rett etter sommerferien starta og rett før skulen starta opp igjen!
TINE FOTBALLSKULE
TINE Fotballskule er Norges Fotballforbunds offisielle fotballskule og sportsleg kvalitet, trygge rammer og sunt kosthald er sentrale stikkord i TINE Fotballskule. TINE ønsker gjennom samarbeidsavtalen med NFF å bidra til at barn og unge får eit tilbod om fysisk aktivitet, og samtidig bidra til økt rekruttering til idretten. TINE ønsker å vere ein pådrivar for å etablere goda vaner rundt eit sunt og variert kosthald i tidleg alder, kombinert med fysisk aktivitet gjennom leik og idrett.
Praktisk informasjon
Deltakaravgifta inkludera lunsj (brødmat m/ pålegg), og frukt. I tillegg mottek kvar enkelt deltakar trenings t-skjorte, sekk og drikkeprodukt kvar dag.
Påmelding her!
OBOS CAMP
Hødd Fotball har gleda av å invitere til OBOS Camp i sommarferien for jenter og gutar i aldersgruppa 2014-2011.
Kompetente og engasjerte trenarar frå Møreakademiet og Hødd Fotball ønsker å bidra til ein fin avslutning på sommarferien.
OBOS Camp er ein heilt ny nasjonal fotballcamp der utvikling, meistring og fotballglede står i fokus. Campane er prega av innhald med høg kvalitet, kompetente trenarar og instruktørar, og mykje aktivitet. OBOS Camp skal vere ein arena for spelarar som ønsker å utvikle både sportslege og mentale ferdigheiter, samt eigen evne til å samarbeide med andre.
Det vert ikkje stilt krav til sportsleg nivå for deltaking på OBOS Camp. Det vert forventa at spelarane er motiverte, samt har ein vilje og eit ønske om å lære. OBOS Camp er ein utviklingsarena for alle som ønsker å ta ytterlegare steg, uavhengig av noverande nivå. Øktene vil krevje konsentrasjon og fokus, samtidig som dei vil vere lærerike og morosame for alle.
Ein typisk dag på OBOS Camp består av to fotballøkter på feltet, samt eit måltid. Kvar dag har eit eige sportsleg tema som øktene tek utgangspunkt i. Fotballøktene før lunsj har fokus på trening og deløvingar rundt dagens tema, mens fotballøktene etter lunsj består av ulike kampformer til same tema.
Praktisk informasjon
Deltakaravgifta inkludera lunsj (brødmat m/ pålegg), og frukt. I tillegg mottek kvar enkelt deltakar årets OBOS Camp-drakt, shorts og Select-ball.
Påmelding her!
Vi håper å sjå deg på TINE Fotballskule og OBOS Camp i sommarferien!