Trenarteamet til A-lag damer har signert
Ronny Osnes har forlenga kontrakta med ut Hødd ut 2026-sesongen, og får også med seg vidare Mads Pedersen og Sebastian Løvoll i trenarteamet. A-lag damer
Ronny går på to nye år, mens Mads og Sebastian har skreve under ei ny 1-årskontrakt med Hødd.
Ronny Osnes ser fram til to nye år som hovudtrenar for A-lag damer:
- Eg har følt meg ønska med vidare, men etter fire sesongar vurderte eg å gjere noko anna. Men etter å ha vurdert litt fram og tilbake, så kjende eg at eg hadde lyst å fortsette. Satsinga på jente- og damefotball i Hødd, og visjonen vidare triggar. Det kjem spennande årgangar etterkvart, og ikkje minst å forlate den fantastisk spelargruppa vi har no ønska eg ikkje. Opplevinga med finalen i Sunnmørsposten Cup gav ein peikepinn på kva som er mogleg. Det er også viktig for meg at trenarteam og støtteapparat blir med vidare, så no gler eg meg til 2025!
Sportssjef Jesper Törnqvist seier dette i ein kommentar:
- A-lag damer har dei siste åra tatt store steg i måten vi arbeidar med spelar- og lagutvikling. Vi er derfor ekstremt glade for at vi har fått fornya kontrakta med heile trenarteamet frå 2024. Saman skal vi utvikle oss vidare som klubb og oppnå gode resultat som ein konsekvens av god spelarutvikling.
Vi gratulerer Ronny, Mads og Sebastian med nye konktrakter og ønsker dei samtidig lukke til i jobben med å utvikle laget vidare dei komande åra.