Trenarteamet til A-lag herre komplett
Trenarteamet til A-lag herre er komplett og er klare for å ta fatt på ein ny og spennande sesong! Toppfotball
Hovudtrenar Marius Bøe får med seg eit spennande team som skal utvikle laget vidare.
- Glad at vi avslutta året med å kunne presentere trenarteamet for 2025. Som leiar jakta du heile tida den beste samansetninga av eit team. Kompetanse, erfaring, relasjonelle ferdigheiter og leiarerfaring er nokre av styrkane vårt team har. Vi har eit spesielt utviklingsfokus, med ærligheit og openheit, seier Marius Bøe.
- Utvikling alle dagar tel i denne klubben.
- Ønsker dykk alle eit godt nytt år.
Sportssjef Jesper Törnqvist seier dette i ein kommentar:
- At vi på årets siste dag kan presentere heile apparatet til A-lag herre i 2025 er veldig gledeleg. Ein fantastisk gjen som har stor kompetanse og som også kompletterer kvarandre. Med Frode og Anne Marte inn i gjengen på deltidsstillinga så er vi komplett og har ein fin miks av litt nytt blod inn, og kontinuitet. Saman skal desse utvikle laget og enkeltspelarar vidare i årets som kjem.
Vi ønsker trenarteamet lukke til med jobben inn i det nye året!