Treningskamp Aafk: Kamp som betyr meir

Hødd spissen Elias Myrlid fresh og klar før møtet med Ålesund.

Synst vi gjorde ein solid kamp der vi kunne sjå igjen det vi har trena på, men det gjenstår berre å skape dei store sjansane og sette dei i mål. Mykje positivt å ta med frå Kristiansund kampen med tanke på at vi er på høgde med eit Eliteserie lag, fortel spissen Elias Myrlid

Neste treningskamp for Hødd er mot Aafk på laurdag, Color Line stadion 16:00. 

«Alltid gøy å møte Ålesund, betyr meir enn bare siger, spesielt for dei lokale» -Myrlid

Vidare fortel Myrlid at dei har jobba med det same dei har brukt å gjort på trening: Vi skal først og fremst konsentrere oss om vårt eige spel og korleis vi framstår. Der er nokon ting utan ball som vi må trene på og forbetre, uansett så er det forbetringspotensialet i alt vi gjer, vi jobba på.

Eg føle meg ganske fresh, har trena godt i ferie og fått nytte av fokuset vi har hatt med fysisk trening. Laget føler seg bra både kollektivt og individuelt, fortel Myrlid.

Skotfoten sikta inn?

Treng litt finjustering, men skal vere sikta inn til sesongen starta, svarer Myrlid

Billett link:

Treningskamp: Aalesund - Hødd

Annonse fra Obos-ligaen: