
Treningskamp Åsane: Fokus på kampform og utvikling
Assistenttrenar Kristoffer Lysgård gler seg til ny kamp mot Åsane og sesongstart.
Kampen sist mot Træff bestod mesteparten av spel mot eit mål i vår favør. Vi set igjen med mykje positivt og lærdom med tanke på at det å spele godt og skape sjansar nokon gongar ikkje er nok når motstandaren vinne 2-1 med to skot på mål. Uansett på analysen ser vi at vi gjer mykje bra sjølv om det enda med tap og det er slike ting vi skal bruke treningskampar til for å hindre at det ikkje skal skje i serien, fortel assistenttrenar Kristoffer Vangen Lysgård
Laurdag kl.13:00 er det ny treningskamp på Høddvoll, med Åsane som gjestar.
Treningskampen mot Åsane blir ein vaksen og bra test for oss. Det blir gull verdt for oss å teste oss imot Obos-liga lag. Vi skal ha fokus på oss sjølve og eigne spelprisipp, der vi har hatt eit ekstra fokus på situasjonar i siste tredje-del med deltaljar og analyse. Elles håpar vi å sjå eit solid Hødd lag med masse energi, og som taklar på best mogleg måte det Åsane har å kome med. Åsane er eit stabilt Obos-liga lag, og som vi veit kan variere med struktur, taktikk og formasjon, men uansett ønska vi heller at motstandaren skal ta meir omsyn til oss der vi styrer spelet, fortel Lysgård.
Vidare fortel Lysgård at stemninga er veldig god i laget, der heile laget og støtteapparatet gler seg til at sesongen og poengplukkinga skal starte. Vi begynne å kjenne på at det er lenge sia vi har spelt kamp kvar veke, men det har blitt gjort god og grundig jobb med trening på felt og styrkerommet av spelarane, men også apparatet rundt som har lagt grunnlaget for at vi skal vere best og mest mogleg klar for sesongstart. Fokuset inn imot sesongstart er å danne kampform, i tillegg utvikling-utvikling-utvikling som er hovudfokuset vårt og vil vere gjennom sesongen.