Treningskamp Brattvåg: Dominere i alt

Skotheim og laget godt på veg inn mot ny treningskamp.

Eg følte vi spelte ein god kamp sist mot Sogndal, der vi kunne eller burde leia tre/fire – null til pause. Godt at vi ser igjen i kamp det vi har hatt som fokus på trening både i første, men også i andre omgang når dei stilte litt sterkare mannskap. Veldig god kamp, fortel Isak Skotheim.

Vidare legg Skotheim til at med ny god test mot OBOS-liga motstand er med på å kartlegge korleis nivået er internt i laget, men også eksternt med kva motstand vi kan forvente i årets sesong. Uansett er treningskamp ein treningskamp, det er når sesongen starta det handlar om å vinne kampar og skaffe poeng. Uansett føler eg vi er godt i rute.

Laurdag er det treningskamp nummer to denne veka, motstandaren er Brattvåg. Avspark 14:00 på Høddvoll.

Kva kan vi forvente av kampen mot Brattvåg?

Det er ein kamp vi kan forvente at Brattvåg vil ha ballen i fot og kanskje vere direkte. Vi skal spele vårt spel og køyre over dei fysisk, dominere ball og skape mest. Trur vi kjem til å dominere kampbiletet om vi er på vårt beste, og så får dei holde på med sitt spel. Truleg får vi også nytta troppa meir og fordelt litt speletid, som er nyttig svara Skotheim smilande.

Vidare fortel Skotheim at han er takksam for rolla og tilliten han har fått i laget og skal gjere sitt for å bidra og halde det gåande, men det er sunn konkurranse om plassen, så eg må levere. Veldig fornøgd med rolla mi, og posisjonen på bana passar meg veldig godt fordi det gøyaste som finst er jo å skape og score mål.

Annonse fra Obos-ligaen: