Treningskamp Herd: Fortsette målformen

Fredag måle Hødd dame krefter imot divisjonskollega Herd

Kampen vill gi oss ein peikepinn på status og korleis vi ligg ann, kampane mot dei brukar å være tett og jamne, fortel hovudtrenar Ronny Osnes.

Vidare fortel han at dei har testa ulike variantar for å ha fleire kort å spele med. Der dei sist kamp mot Ørsta testa 3-5-2 formasjon som han meinar dei beherska godt og kan være eit godt alternativ framover, spesielt i angrepsspelet. 

Dei siste par vekene har dei hatt fokus på dei ulike lagdelane, med nyttig hjelp av Reidar Vikebakk som har hjulpet med angrepsspelet som gjer at vi har kunne fokusert på spel-motspel/ forsvar-angrep. Det har gjort at vi kunne hatt fokus på detaljar, meir konkrete situasjonar og utvikling. Med seriestart 5.april og generalprøve mot Måløy neste veke so blir det å jobbe vidare med utvikling og ulike spelsituasjonar, spesielt dødball som vi ikkje har trent på enda, fortel Osnes.

Ellers er stemninga og følelsen i gruppa god og leiken. Vi fekk sist søndag ein langdag der vi fekk jobba med ulikt innhald og tettare saman. Vi er spente og klare for seriestart der vi like før påska skal til Tyrkia på treningsleir som vi også gler oss til, fortel Osnes.

Kampstart 18:30, borte.

Heia Hødd.

 

Annonse fra Obos-ligaen: