Treningskamp Kristiansund: Bygge relasjonar og bruke den til utvikling.
Laget og Hødd-kaptein Torbjørn Kallevåg klar for å bryne seg mot betre motstand. Toppfotball
Veldig bra å sjå det vi fekk ut i kampen mot Volda og det vi har øvd på, uansett motstand. Når vi analyserer kampen, tek vi alltid omsyn til prestasjonen i forhold til motstandaren. Uansett er det positivt å sjå igjen angrepsmønster med kombinasjonar, sjanseskaping, at vi dominerer ballinnehavet og har mange spelarar i boks for å skåre mål, noko som til slutt gjer at vi skårar ni mål, og vil prøve på det same no på fredag, fortel Torbjørn Kallevåg.
Definisjon på vingbackspel mot Volda, eller?
– Ja, vi får skapt mykje ved å bruke vingbackane, anten ved å leggje inn eller ved å kome oss på enden av innlegga. Om vi klarer å få til det same mot betre motstand, blir testen no på fredag mot Kristiansund, som relativt sett er betre enn oss. Eg håpar og trur vi kan få skapt fleire mål på den måten utan at folk blir for slitne, med tanke på at vi kanskje må leggje oss meir bakpå, men då får meir rom å angripe i. Vi skal tore å angripe og fylle på med spelarar i boks, svarar Kallevåg.
Kristiansund er eit «ok» Eliteserie-lag, så får vi håpe vi er eit «OK» OBOS-lag, og at det berre er éin divisjon mellom oss. Klart eit hakk opp i kvalitet samanlikna med det vi møtte mot Volda, men å teste oss mot god motstand trur eg vi treng for å hjelpe oss med å kartleggje. Vi møter eit lag med mykje fart og kraft offensivt, så då får vi prøve oss meir i det defensive spelet. Vi skal prøve å løyse alle fasane i spelet på vår eigen måte: vere sterke i boksspelet, vinne kampane i kampen, stå og presse høgt for å ha best mogleg sjanse til å skåre mål, fortel Kallevåg.
Vidare fortel Kallevåg at han er nøgd med oppkøyringa til sesongen så langt. Han synest det er kjekt at det er så mange som er med frå førre sesong, samtidig som at vi har fått inn fleire kjekke karar og gode fotballspelarar. Det er god konkurranse om plassane og høg kvalitet på treningane, der vi tek steg både kollektivt og individuelt – vesentleg betre enn på same tidspunkt i fjor.
Kva er det viktigaste de jobbar med?
- Det er å fortsetje å byggje på det vi gjorde så bra i fjor: tore å presse høgt, fylle på med spelarar i boks, kombinasjonsspel i korridor, skape sjansar og få utteljing. Vidare handlar det om å lære og utvikle oss gjennom treningskampane, sjå om vi kan gjere alt heilt likt, eller om vi må justere og tilpasse oss motstandaren meir enn vi gjorde i fjor, med tanke på at vi møter betre motstand. Vi vil jo sjå igjen det vi gjer på trening i kampsituasjonar, svarar Kallevåg.