Treningskamp Lysekloster: Må fungere som eit lag

Laurdag er det siste treningskamp for Hødd A-lag der dei gjestar Lysekloster til test før seriestart.

Sist kamp mot Åsane var ein «nyttig» kamp for oss, fordi det er ein god kamp prestasjonsmessig der vi er fullt på høyde med Obos-liga lag der vi fekk banespelet slik vi ville. I tillegg fekk vi erfart at det er eit steg opp i kvalitet og at vi blir hardt straffe om vi som lag ikkje fungera bra nokk eller er konsentrert nokk i alle situasjonar. Skal vi få til noko so handlar det om laget kollektivt, samtidig er det positivt at vi skåre to mål i ein kamp med god «matching», der det er prestasjonen vi er ute etter ikkje resultatet. Også godt å sjå at dødball treninga har hatt effekt, vi har gode dødball leggarar kombinert med god fysikk so har vi eit mål om å være enda betre på dødball dinne sesongen, fortel Bøe

«Vi ser vi har nivået inne og det er ein fin bekreftelse»- Bøe

Det blir ein ny viktig og tøff kamp no til helga mot Lysekloster, vi skal bruke den som ei storbane-spel økt med fokus på detaljar, prestasjon og utvikling slik vi er enda meir klar for seriestarten mot Stabæk som vi kler oss til. Vi skal ned dit for å gjer ein god prestasjon for å so rette fokuset mot seriestart etter to dagar fri.

Oppkjøyringa har vi brukt til å fått på plass den fysiske kapasiteten, fått øvd inn dei ulike lagdelane i ulike spelsituasjonar samt at spelarane individuelt har hatt sine eigne utviklingsmål og eigna ting dei skal bli betre på om det er taktisk, teknisk eller fysisk. So der har vi tatt steg i år med god hjelp ifrå heile trenarstabben, fortel Bøe.

Det har våre litt prøvespelarar inne og vi har augna opne imens vindauget er opent, men per no so er vi veldig fornøgd med dei vi har. Og dei nykomne har blitt henta tidleg som gjer at dei har funnet sin plass i garderoba og vi har fått jobba med dei tett på felt.

Annonse fra Obos-ligaen: